Slik kan skulebiblioteket vere ein ressurs i leseopplæringa
Vestland fylkeskommune sin første erfaringskonferanse om skulebibliotekutvikling i Vestland gjekk av stabelen sist veke. 100 påmelde fekk inspirasjon og fagleg påfyll til vidare arbeid.
Det var eining for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune som inviterte til erfaringskonferanse om skulebibliotekutvikling i Vestland. 100 kommune- og skuleleiarar, lærarar, skulebibliotekarar og tilsette i folkebibliotek var onsdag samla på Hotel Terminus i Bergen, og tema for konferansen var korleis skulebiblioteket kan vere ein ressurs i leseopplæringa og i arbeidet med å stimulere til leselyst og leseglede.
— Det å samlast for å utveksle erfaringar og lære frå kvarandre har stor verdi, både på tvers av kommunar og mellom folke- og skulebibliotek, seier leiar for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune, Elin Golten.
Tilskot gjer ein skilnad
I Vestland har 14 kommunar søkt og fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet (Udir) til skulebibliotekutvikling sidan ordninga vart oppretta i 2018, nokre av kommunane har fått støtte fleire gonger, på tilsaman over 16 millionar kroner. Medan nokre av desse er i startgropa på sine prosjekt, er andre midt i eller avslutta. Gjennom desse åra er det opparbeidd mykje kunnskap om utvikling av skulebibliotek i fylket. Fleire av kommunane har etablert tettare samarbeid mellom skule og folkebibliotek i prosjektperioden, og nokre har knytt satsinga til kombinasjonsbibliotek (felles folke- og skulebibliotek). På konferansen delte eit utval prosjektkommunar sine erfaringar.
Det vil bli lyst ut midlar også i 2025, og dette var eit høve til å hente inspirasjon og hauste av erfaringar også for dei som enno ikkje har søkt Udir om midlar til utvikling av sine skulebibliotek.
Frivillig lesing gir effekt
Erfaringskonferansen opna med eit innlegg ved Astrid Roe, tidlegare seniorforskar ved UiO, om elevar sine lesevanar. Ho stilte spørsmålet: Korleis kan vi hjelpe barn og unge å «knekke leselystkoden»? For det er ein tydeleg positiv samanheng mellom indre motivasjon og lesevanar i fritida. Medan ytre motivasjonsfaktorar som konkurranse, karakterar o.l. kan hjelpe barn og unge i gang, må det ein indre motivasjon til for å «knekke leselystkoden». Prosentandelen som ikkje les frivillig i fritida har, ifølgje PISA-undersøkingar, auka jamt frå 2000 til 2018, samstundes som tala viser at berre litt frivillig lesing kvar dag ser utgjer ein stor forskjell i lesedugleik. Dei viser også at leseengasjement kan vege opp for sosial bakgrunn.
I PISA-undersøkinga frå 2018 hamna Noreg på nest sisteplass (vi slo berre Nederland) når det gjeld norske elevar sitt leseengasjement.
Årstad vidaregåande si biblioteksatsing
Med det bakteppe var det ikkje vanskeleg å la seg inspirere av litteraturformidlar David Kvamme Høvik ved biblioteket til Årstad vidaregåande skule, vinnar av Årets bibliotek 2023. Han delte sine erfaringar om å spreie leseengasjement på konferansen. Årstad er hovudsakeleg ein yrkesfagleg skule utan det høgaste snittet eller dei nyaste lokala. Skulen er mangfaldig, og ligg i eit levekårsutsett område i Bergen.
— Vi veit kor viktig lesing er for arbeidslivet, for å bli integrert, kor viktig det er for sjølvkjensla til elevane, og det er difor vi ønsker at elevane våre skal få sjansen til å bli lesarar, sa Høvik.
Høvik fremheva tre faktorar som har vore viktig i deira arbeid med å skape leselyst på Årstad:
- bli kjent med elevane
- legge til rette for at elevane kan bli kjende med kvarandre
- skap trygge rom for lesing
— Det er klin umogleg å kome med boktips utan å kjenne elevane. Å bli kjend med dei er ein nøkkel, sa Høvik.
Podcast, bokklubb og litteraturpris
Leiinga ved Årstad har bestemt at alle på skulen, frå midten av november til midten av desember, skal lese tjue minuttar kvar dag i ei fysisk bok.
— Det skal vere akkurat det dei har lyst til, både sakprosa og skjønnlitteratur. Leseaksjonen vert spreidd på dei ulike faga ved at kontaktlærar sett opp kva tid dei skal lese, fortel Høvik.
Dei har og etablert podcasten «Årstad leser», der elevar snakkar om ei bok dei likar og tilrår. Elevar som ikkje likar å lese, og elevar som er kome i gang med lesing, er med, og leseerfaringa til elevane er sentral.
Dei har og oppretta litteraturprisen «Gullkroken», som vgs3 elevane delar ut kvart år. Prisen er eit samarbeid med Litteraturhuset i Bergen, og vert delt ut under litteraturfestivalen i februar.
Bokklubb har dei også, med heile 40 medlemmer som møtest i gong i månaden i lunsjen. Å snakka saman om ei bok gjer at fleire på skulen vert kjende med kvarandre.
— Her vert elevar på tvers av gjengar kjende med kvarandre, fortalde Høvik.
Delte prosjekterfaringar
Etter inspirasjon frå Høvik, delte Austevoll, Bømlo og Sunnfjord frå sine prosjekt før konferansedeltakarane vart delt i mindre grupper. Her var det lagt opp til lyninnlegg om ytterlegare seks prosjekt og diskusjon. M.a. frå Stord kommune, som fekk 570 000 kr i tilskot frå Udir til prosjektet "Leseglede gir livsmeistring" ved to ungdomsskular og i samarbeid med Stord folkebibliotek. Nysæter ungdomsskule er eit nytt skuleanlegg med kombinasjonsbibliotek. Skulebiblioteket er tilgjengeleg for elevane i skuletida - eit ope allrom midt i skulen - og det er tilgjengeleg på ettermiddagstid som filial av folkebiblioteket.
— Me har i prosjektperioden prøvd ut fleire tiltak knytt til skulebiblioteket som ressurs i undervisninga, bibliotekassistentar, og organisering av bøkene. Skulebibliotek skal vera for alle, og Nysæter ungdomsskule har i tillegg prøvd ut tiltak for å skapa fellesskap rundt lesing og litteratursamtalar, også knytt til uformelle møtepunkt i pausar, i lunsjen, til og frå. Målet er at alle ungdomane og alle vaksne les og snakkar om bøker. Det handlar om å skapa kultur for lesing, seier Siri Marie Erland, skulefagleg rådgjevar i fagavdeling oppvekst og kultur i Stord kommune.
Presenterte skulebibliotekplakaten
Skulebibliotekplakaten er utarbeida av ei arbeidsgruppe som i tillegg til Austevoll, har bestått av representantar frå Bømlo, Fitjar, Sogndal, Solund, Sunnfjord og Sveio. Plakaten er forslag til minstestandard for skulebibliotek og målet er at den no skal til behandling i kommunane.
På konferansen vart plakaten presentert av barne- og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad ved Austevoll bibliotek heilt til slutt på konferansen. Austevoll mottok nyleg Barne- og ungdomsbibliotekprisen av Norsk bibliotekforening. Det skjer etter at dei i 2022 tilsette ein eigen barne- og ungdomsbibliotekar, noko som har vore ein uvurderleg ressurs for skulane, og er ei av årsakene til at dei vann prisen. Du kan lese meir om dei vidare planane til Austevoll folkebibliotek på deira eigne nettsider. Her kan du og lese Austevoll folkebibliotek sin bibliotekplan for 2024-2029.
Konferanse for inspirasjon og ny giv
Trude Hege Bergesen, biblioteksjef i Kvinnherad kommune, deltok på erfaringskonferansen for å bli inspirert.
— Eg er her for å finne inspirasjon og ny giv for å koma i gang med eit arbeid i Kvinnherad kommune. Vi er i startgropa på noko, men det er ein stor kommune med mange skulebibliotek og stor geografisk avstand. Eg likte spesielt skulebibliotekplakaten, og tek den med meg heim som inspirasjon, seier Bergesen.
— Erfaringskonferansen hadde spennande fagleg innhald, dagen var godt organisert, og alle deltakarar fekk dela tankar og innspel - veldig kjekt med ein slik fagdag om skulebibliotek, som gir rom for både fagleg påfyll og dialog, både formelt og uformelt i pausane, seier Siri Marie Erland skulefagleg rådgjevar i fagavdeling oppvekst og kultur i Stord kommune om konferansen.