Skulebiblioteket på Årstad vgs. er Årets bibliotek

Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule i Bergen får prisen Årets bibliotek for innsatsen for å skape ein lesekultur på skulen, og for å vere eit førebilete for andre skulebibliotek.

Mann og kvinne med blomster og statuett og plakat med teksten Årets bibliotek mellom seg.
ÅRETS BIBLIOTEK: Bibliotekarane Torhild Jordal og David Kvamme Høvik ved skulebiblioteket på Årstad vgs. var på plass på Deichman Grünerløkka i Oslo for å ta imot prisen Årets bibliotek 11. januar. (Foto: Norsk bibliotekforening)

– Vi gratulerer biblioteket på Årstad med svært velfortent pris som Årets bibliotek 2023! Med tiltak som leseaksjon, bokklubb og podkast har bibliotekarane Torhild Jordal og David Kvamme Høvik fått fart på lesegleda på ein hovudsakleg yrkesfagleg skule med 900 elevar, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Det er Norsk bibliotekforening som deler ut prisen. Prisen vart delt ut av leiar for Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt (Raudt), under eit arrangement på Deichman Grünerløkka 11. januar.

Elevmedverknad og sosial utjamning

Saman med Litteraturhuset i Bergen og Bergen internasjonale litteraturfestival er også biblioteket med på Gullkroken. Vg3-elevane les fem bøker som er nominerte til litteraturprisen Gullkroken.

– Dette er ei flott ramme kring dei andre lesetiltaka. På Årstad står elevmedverknad og sosial utjamning i sentrum på ein framifrå måte, og biblioteket er blitt eit kraftsenter for lesekultur og gode møte, slår fylkesordføraren fast.

Elevar samla i skulebibliotek.
Årstad vidaregåande skule har om lag 900 elevar og har stort sett yrkesfaglege studieretningar. Biblioteket satsar offensivt for å skape ein lesekultur på skulen. (Foto: Årstad vgs.)

Hjarta i skulen

I grunngjevinga vert biblioteket kalla skulen sitt hjarte, med rom for læring, kultur og som møteplass. Bibliotekarane Torhild Jordal og David Kvamme Høvik takka også skuleleiinga som satsar på skulebiblioteket, i takketalen sin.

– Vi er utruleg stolte og glade for å få prisen. Dette er inspirasjon til vidare arbeid, seier David Kvamme Høvik, bibliotekar ved Årstad.

Årets bibliotek er den gjævaste prisen eit norsk bibliotek kan få. I år var også Samnanger folkebibliotek blant dei fem nominerte.