Sender 70 000 historiske bilete til nydigitalisering

Vestland fylkeskommune er i gang med ei storstilt oppdatering av eit stort fotografisk arkiv med djupe røter i lokalsamfunna i gamle Sogn og Fjordane. For publikum betyr dette at 70 000 bilete frå eige nærmiljø snart kan bli utforska i betre digital kvalitet enn nokon gong før.

gamalt bilete av båt på sjø, svart kvitt
NYDIGITALISERING: Fotografiet av jekta Vindreken for fulle segl på Vangsnesfjorden er eit av dei nær 70.000 bileta som no vert digitalisert på ny i betre kvalitet. (Foto: Ukjend fotograf. Frå arkivet etter Per Kvikne)

Fotografia som no vert sendt til Nasjonalbiblioteket i Mo for digitalisering vart samla inn på 90-talet gjennom eit omfattande feltarbeid utført i samarbeid med lokale krefter. Bileta vert no digitaliserte på nytt i høg kvalitet, og publikum vil få tilgang til forbetra og detaljerte versjonar av bileta.

Stor etterspurnad

Bileta stammar frå eit stort prosjekt på 90-talet, då tidlegare Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane gjennomførte ei omfattande avfotografering av eldre fotografi frå slutten av 1800-talet og fram til 1960-talet. Med støtte frå kommunar og lokalbefolkninga vart prosjektet drive fram av engasjement og eigarskap til dei kulturhistoriske motiva. Det tette samarbeidet sikra at lokale kjelder kunne supplera fotografia med informasjon, under rettleiing frå fylkesarkivet, noko som har gjort dette materialet til eit av dei mest etterspurde i arkivet.

Hevar kvaliteten på viktig kulturhistorie

Fotografia, opphavleg teke analogt, vart første gong digitalisert tidleg på 2000-talet, med omsyn til dei teknologiske avgrensingane i datida og behov for lågopplauslege visningsfiler. Seinare har digitalisering på etterspurnad gitt utvalde bilete høgare oppløysing, men det aller meste av samlinga har framleis mangelfulle visningsfiler. Den nye digitaliseringa vil sikra at heile samlinga blir tilgjengeleg i ein kvalitet som gjer rettferd til både historia og arbeidet til fotografane.

– Vi har inngått avtale med Nasjonalbiblioteket om digitalisering av dei kring 70.000 fotografia, og vil sende materialet etappevis til Mo i Rana for digitalisering. I perioden materialet er hjå Nasjonalbiblioteket, vil vi ikkje kunne tilby etterspurnadsbasert digitalisering av dette materialet, seier Arnt Ola Fidjestøl, leiar ved seksjon for arkiv i Vestland fylkeskommune.

foto i svart kvitt av kvinne med barn på ein gard
VIKTIGE KULTURMINNE: Foto som viser kvardagsliva til menneske er viktige kulturminne. På biletet ser vi Guri F. Lidal og Anders Grøneng med vesle Ingeborg på armen. Biletet er frå Bakken. (Foto: Ukjend fotograf. Frå arkivet etter Sigurd Grøneng)

Aukar tempoet på digitaliseringa

Digitaliseringsavtalen med Nasjonalbiblioteket har opphavet sitt i oppdraget Nasjonalbiblioteket fekk i 2020 om å digitalisera den audiovisuelle kulturarven i Noreg.

– Gjennom å gjere oss nytte av ledig digitaliseringskapasitet hjå Nasjonalbiblioteket, som eit tillegg til våre eigne digitaliseringsløyper, får vi gjort enno meir av det fotohistoriske materialet vi forvaltar tilgjengeleg for ålmenta. I løpet av 2025 vil store delar av materialet vere digitalisert, opplyser Fidjestøl.

Vestland fylkeskommune tek vare på og gjer tilgjengeleg offentleg og privat kjeldemateriale frå Vestland fylke. Publikum kan bruke arkiva som grunnlag for historisk forsking og formidling, dokumentasjon av rettar, til bruk i samfunnsforvaltning med meir.  Du kan sjølv utforske arkivmateriale frå våre kjelder.