Prioriterer oppgradering for el-ferjer

Mange av ferjekaiene våre i fylket har store behov for vedlikehald og oppgraderingar. Fylkesutvalet vil prioritere å gjere klare dei som skal nyttast til el-ferjer i 2027, for å nå måla om mindre utslepp av klimagassar.

Ferjekai i forgrunn av bildet, med mykje rust. Blå sjø og blå himmel i bakgrunn, holmar og skjer i sjøen.
MÅ OPPGRADERAST: Ferjekaia på Husevågøy er ei av fem kaier på fylkesveg som fylkeskommunen vil ruste opp for å kunne drifte el-ferjer med mindre klimagassutslepp i 2027. Foto: Marius Seim Brekke/Vestland fylkeskommune

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune vedtok i møte 26. november å be om å prioritere midlar slik at ein så langt som råd kan ferdigstille kaier som er omfatta av ferjeanbodet med oppstart i 2027.

Vil nå mål om mindre utslepp 

Det skal bli heil- og delelektrisk ferjedrift for fylkesvegsambanda i Sogn og Fjordane og ferja til Osterøy i november 2027 med nye ferjedriftskontraktar.

– Da må kaiene vere tilpassa nye ferjer, som gjev betre komfort for dei reisande, moderne teknologi, og som også gjev meir klimavenleg ferjedrift, seier Jon Askeland, fylkesordførar.

For dei prioriterte kaiane Isane, Måløy, Værlandet, Husevåg og Rysjedalsvika er det heilt naudsynt å gjere eit større oppgraderingsarbeid for å sikre både forsvarleg ferjedrift og el-drift gjennom neste kontraktsperiode. 

For korte og for dårleg bereevne 

I dag er desse kaiane for korte. Fire av fem har også for dårleg bereevne, og må styrkast for å legge til rette for lading. Elektrisk drift av sambanda krev bygging av energiinfrastruktur på kaiene, som teknisk bygg for nedtransformering av straum og ladetårn.

– For å halde framdrifta og bli klare til november 2027 må vi ha godt samarbeid med kommunane, som er planmynde på staden, seier Askeland. – Så skal vi sjå på behov og tiltak som må til når ferjedrifta i gamle Hordaland skal ut på anbod i 2030, slik at vi kan gjere rette prioriteringar.

Ferjekaiene Isane og Måløy vil vere ferdige innan februar 2027, og det blir arbeidd mot at Værlandet er oppgradert innan anbodsoppstart. Husevågøy og Rysjedalsvika vert fyrst ferdige i 2028. 

Det er vanskeleg å talfeste kostnadane på dei prioriterte oppgraderingane fram mot nye driftskontrakter i 2027, men eit utgangspunkt er 50 millionar kroner per kai i snitt.

Det blir gjort endeleg vedtak om budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 i fylkestinget 11. desember.