Klimapartnere Vestland sin første pådrivarpris gjekk til Mette Nygård Havre

Vinnaren får prisen for sitt utrøyttelege initiativ, smittande engasjement og handlekraft for klimasaka dei siste ti åra.

foto av tre personar
HEIDRA MED PRIS: Mette Nygård Havre har vore ein viktig støttespelar sidan etableringa av Klimapartnere Hordaland i 2014. Tysdag mottok ho pris. Frå venstre: Leiar av Klimapartnere Vestland, Renate Nedregård, Mette Nygård Havre og fylkesordførar Jon Askeland. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Tysdag feira Klimapartnere Vestland er Vestland sitt største partnarskap innan grøn omstilling og bærekraftig næringsutvikling. Klimapartnere har regionskontor i heile Noreg, og er eig og forankra i sin respektive fylkeskommune.  tiårsjubileum med toppleiarmøte på Oseana kunst- og kultursenter i Bjørnafjorden. Midtvegs i møtet inntok leiar av Klimapartnere Vestland Renate Nedregård og fylkesordførar i Vestland Jon Askeland scena for å gi ei spesiell merksemd til Mette Nygård Havre.

Havre har vore ein viktig støttespelar sidan etableringa av Klimapartnere Hordaland i 2014. Den gong var ho kommunikasjonsansvarleg i BIR, som var ein av 14 verksemder som var med på å stifte partnarskapet. Sidan då har ho gjennom ulike roller vore ei viktig stemme og pådrivar i klimaarbeidet både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Ho var derfor eit naturleg val då ein jury beståande av Renate Nedregård, Lars-Henrik Paarup Michelsen(dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse og medstiftar av Klimapartnere Hordaland) og Helene Frihammer (regionsdirektør NHO Vestland, stiftar og tidlegare leiar av Klimapartnere Hordaland/Vestland) skulle plukke ut mottakaren av Klimapartnere Vestlands første pådrivarpris.

– Vi har veldig mange pådrivarar i partnarskapet vårt, så når vi deler ut Pådriverprisen så måtte han gå til nokon som har skilt seg ut. Mette Nygård Havre har vore med sidan starten og vore ein utfordrar og pådrivar for klimaarbeidet både internt i partnarskapet, men også regionalt og nasjonalt, seier Renate Nedregård.

– Vi må alle gire opp framover

Då grunngjevinga vart lese opp var det ein delvis mållaus Nygård Havre som vart kalla opp til scena.

– Eg vart veldig overraska over at eg vart den første i rekkja som fekk Pådriverprisen, og veldig glad. Denne prisen betyr mykje for meg. Eg bruker det meste av mi tid til å få både bedrifter og privatpersonar til å ta meir klimavennlege val. At engasjementet mitt og mine initiativ blir sett og tildelt ein pris gir energi til å stå på vidare. Vi har framleis ein lang veg å gå for å nå klimamåla. Vi må alle gire opp framover. Då treng vi mange pådrivarar som kan motivere og vise veg, seier Havre.

foto av mange folk
10 ÅRING: Tysdag feira Klimapartnere Vestland tiårsjubileum med toppleiarmøte på Oseana kunst- og kultursenter i Bjørnafjorden. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Juryen si grunngjeving

"Den aller første pådrivarprisen i Klimapartnere Vestland går til ein person som fortener stor anerkjenning. Vedkommande har vore ein uvurderleg ressursperson i Klimapartnere i alle dei ti åra vi har eksistert i fylket, der ho har spreidd motivasjon, delt raust av seg sjølv, og tilført kunnskap til partnarskapen gjennom dei ulike rollene sine. Då Klimapartnere Vestland var i startgropa for 10 år sidan, var ho kommunikasjonssjef i BIR. Ho var ein av dei mest ihuga støttespelarane for partnarskapet, og ein nøkkelperson for å få etablert initiativet. Mange kjenner henne også gjennom rolla som klimamotivator i Fjordkraft – seinare i rolla som berekraftssjef i Elmera group, samtidig som ho har spreidd klimamotivasjon til stort publikum gjennom selskapet sitt Grønne Verdier.
Det er svært få som kan seie dei har starta ei folkerørsle. Men det er nettopp det Mette Nygård Havre har gjort med «Et opp maten». Ho er heile Noregs frontfigur for å redusere matsvinn. Og mange av oss høyrer stemma hennar i hovudet kvar gong vi vurderer å kaste mat eller handle single bananar. Ho har gitt ut bok, kursa skuleklassar og bygde seg opp over 110 000 Instagram-følgjarar. Ho utfordra Q-meieria til å endre datostemplinga på mjølkekartongane frå “best før” til “ikkje dårleg etter”, og fleire andre merkevarer har følgt opp. Ho har også eit stort nedslagsfelt som konsulent for ulike bedrifter og foredragshaldar med berekraft som tema.
Vinnaren får prisen for sitt utrøyttelege initiativ, smittande engasjement og handlekraft for klimasaka dei siste ti åra. Vi håpar at dette vil gi deg motivasjon til å halde fram arbeidet. Klimapartnarar Vestlands pådrivarpris går til Mette Nygård Havre."

Juryen bestod av:

  • Renate Nedregård, leiar Klimapartnere Vestland
  • Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar Norsk Klimastiftelse
  • Helene Frihammer, regionsdirektør NHO Vestland og tidlegare leiar av Klimapartnere Vestland/Hordaland