Med eigne auge ser fylkesordførar Jon Askeland korleis globale klimaendringar treff heimen på småbruket på Radøy. Både naturen og ikkje minst biene blir påverka.
Over 100 elektriske bussar og stadig nye bybanetraséar gjer sitt til at CO2-utsleppa i Bergen har gått betydeleg ned. Og dei vil gå endå meir ned i åra framover.
For mange turistar har noregsferien handla mykje om korleis dei skal komme fram til neste ladestasjon. Vestland fylkeskommune gjer noko med rekkeviddeangsten – no også til vanns.
– Vestland har alt tetposisjon i verda på nullutslepp til lands og til vanns. No står det att å få til det same i lufta, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.