Gir breibandsløft til Eidfjord kommune

Vestland fylkeskommune bidrar med 5,4 millionar kroner i tilskot i eit spleiselag med kommune og utbyggjar. Investeringa vil gje kommunen tilgang til breiband med gigabit-kapasitet.

Tre personer signerer avtale.
SPLEISELAG: Vestland fylkeskommune, Eidfjord kommune og Hardanger Energi Breiband AS samarbeider om utbygging av breiband i Eidfjord. Her signerer kommune og utbyggjar kontrakten. F.v. Jan Ove Meling, dagleg leiar Hardanger Energi Breiband AS, Magnus Steigedal, rådmann Eidfjord kommune og Gunvall Medhus, marknadsleiar, Hardanger Energi Breiband AS. Foto: Hardanger Energi Breiband AS.

Eidfjord kommune har signert kontrakt med Hardanger Energi Breiband AS om utbygging av breiband i fleire delar av kommunen. Kontrakten er forhandla fram i samarbeid med fylkeskommunen. Oddmund Klakegg, leiar for Vestland fylkeskommune sitt hovudutval for næring, er svært nøgd med samarbeidet. 

Framtidsretta

–Utbygginga vil gje Eidfjord eit kraftfullt og framtidsretta breibandnett. Det vil i tillegg bidra til å nå Vestland sitt mål om at 98 prosent av alle verksemder, offentlege bygg og husstandar skal ha gigabit-dekning innan 2026. Resten skal ha minst 100 Mbit/s. Dette ser vi på som ein føresetnad for at distrikt, tettstader og byar skal ha like vilkår for å ta del i samfunnsutviklinga, tenestetilbodet og moglegheitene som den raskt aukande digitaliseringa medfører, seier Klakegg.

Eit spleiselag

Utbygginga er eit spleiselag mellom Vestland fylkeskommune, Eidfjord kommune og utbyggjar, der kommunen går inn med 1,6 mill. kroner og fylkeskommunen 5,4 mill. kroner. I tillegg bidrar utbyggjar med eit betydeleg beløp ved å byggja ut delar av kommunen på kommersielle vilkår. 
– Vi er svært tilfredse med at det er kom inn tilbod på alle områda i utlysinga, og at kontrakten gjekk til ein leverandør som får ansvaret for ei samla utbygging, seier Olav Arne Stuland, som er IKT-leiar i Eidfjord kommune.

Fakta om utbygginga

  • Dei ni områda som skal byggjast ut er Brimnes, Bu, Elvavegen, Erdal, Hereid, Isdalen, Kvammen, Simadalen og Øvre Eidfjord i Eidfjord kommune.
  • Hardanger Energi Breiband AS er tildelt kontrakten og utbygginga vil tilby 185 husstandar og verksemder breiband med gigabit-kapasitet. Hytter i områda er ikkje del av tilskotsordninga, men der det passar er det mogleg med tilkopling. Frist for ferdigstilling er 1. oktober 2025.
  • Hovudutval for næring løyvde i utgangspunktet 8,0 mill. kroner til utbygginga. Det var fleire aktørar som ynskte å byggja ut, og etter utlysinga på Doffin med påfølgjande forhandlingar vart tilskotssummen redusert til 5,4 mill. kroner. Innsparte midlar blir lyst ut på nytt.
  • Tilskota vert dekka med midlar tildelt fylkeskommunen over statsbudsjettet kap. 541, post 60 til breibandutbygging, og fylkeskommunale midlar frå næring sitt budsjett 2023. Vestland fylkeskommune forvaltar midlane på oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.