Fylkestinget krev økonomisk kompensasjon til musea

Musea i fylket får mindre tilskot. Det tykkjer ikkje fylkestinget er greitt og ber Kulturdepartementet og Klima- og miljødepartementet om å rydde opp.

foto av eit stort gamalt steinbygg
KREV KOMPENSASJON: På grunn av reduserte tilskot frå staten til dei musea som forvaltar freda kulturminne, kjem fylkestinget med krav om at Stiftinga Museumssenteret i Hordaland, Musea i Sogn og Fjordane, Bymuseet i Bergen og Baroniet Rosendal (biletet) må få eit ekstraordinært driftstilskot i 2024. (Foto: Baroniet Rosendal)

På grunn av reduserte tilskot frå staten til dei musea som forvaltar freda kulturminne, kjem fylkestinget no med to krav:

  • Stiftinga Museumssenteret i Hordaland, Musea i Sogn og Fjordane, Bymuseet i Bergen og Baroniet Rosendal må få eit ekstraordinært driftstilskot i 2024. Og dersom ikkje den statlege tilskotspolitikken blir endra, vil dette kravet i 2025 gjelde alle musea i Vestland som forvaltar freda kulturminne av nasjonal verdi.
  • Kulturdepartementet og Klima- og miljødepartementet må finne ei permanent løysing som sikrar dei freda kulturminna musea forvaltar.

Staten må rette opp

– Vi kan ikkje sitje og sjå på at musea våre ikkje får midlane dei treng for å ta vare på den viktige kulturarven dei tek vare på for fellesskapen og for framtida. Den sterke statlege styringa av korleis fylkeskommunane skal tildele tilskot har før til at musea i fylket har kome svært dårleg ut i år, og det må staten rette opp i, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget behandla saka under møtet i Ulvik 18. og 19. juni.

Bakgrunnen er at Riksantikvaren har skjerpa inn kva kulturmiljø som kan ta imot tilskot over post 71 i statsbudsjettet, og i tillegg sterk statleg styring av fylkeskommunal tilskotsforvalting.

Sterk statleg styring

Staten legg føringar for korleis fylkeskommunane skal innrette og prioritere mellom ulike eigarformer når dei fordeler tilskot. Dette har gjort at musea i Vestland har kome dårleg ut ved årets fordeling, samanlikna med private eigarar av kulturminne og kulturmiljø. Føringar i statsbudsjettet legg vekt på at kulturminne som er eigde av privatpersonar skal prioriterast ved fordeling av tilskot.

– Kulturminne eigde av privatpersonar har alltid hatt høg prioritet ved fordeling av tilskot i Vestland, og slik skal det vere også framover. Likevel er det slik at ein del, ofte komplekse, kulturminne kan som regel berre takast vare på gjennom profesjonelle museum eller ideelle stiftingar. Vi meiner at begge desse er heilt sentrale samarbeidspartar dersom vi skal lukkast med det nasjonale målet om at ta vare på eit mangfald av kulturmiljø som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Vi forventar at staten ser dette og både finn ei permanent løysing og løyver ekstraordinære driftstilskot for i år, seier fylkesordføraren.

Les meir om saka i PS 72/24 Kompenasjon for bortfall av tilskot til musea – statsbudsjettet kap. 1429 post 71 på saklista til fylkestinget