Desse får kunstnarstipend frå Vestland fylkeskommune

29 kunstnarar får stipend frå Vestland fylkeskommune i 2024. Det er i kategoriane visuell kunst, scenekunst, litteratur og film, musikk og folkemusikk.

Kvinne.
STIPEND: Forfattar og poet Sarah Zahid er ein av dei som får kunstnarstipend frå Vestland fylkeskommune i år. Ho har gitt ut diktsamlingane «La oss aldri glemme hvor godt det kan være å leve» og «Bjørnholt vgs». (Foto: Marteline Nystad/Cappelen Damm)

26 kunstnarar får kunstnarstipend på 40 000 kroner, ein kunstnar får folkemusikkstipend på 60 000 kr og to får Folkemusikk Ung-stipend på 25 000.

Kunstnarstipenda er meinte å gje profesjonelle kunstnarar, både nyutdanna og etablerte høve til utvikling, fordjuping eller fagleg påfyll. Folkemusikkstipenda skal gje høve til kunstnarleg utvikling og eksperimentering. Ordninga skal styrke og sikre arbeidet med immateriell og handlingsboren kulturarv.

Fem fagkomitear har kome med innstilling til tildelingane.

Desse får stipend i dei ulike kategoriane i år

Musikk

  • Ole Marius Sandberg
  • Annlaug Børsheim
  • Benjamin Kallestein
  • Vilde Iris Hartveit Kolltveit
  • Thea Hjelmeland
  • Benjamin Berdous

Litteratur og film

  • Stian Servoss
  • Eli Vaage
  • Alexander Ophaug
  • Tor Arve Røssland
  • Oddrun Midtbø
  • Sarah Zahid 

Scenekunst

  • Mirte Bogaert
  • Maria Victoria Høvring Høeg
  • Simbarashe Norman Fulukia
  • Stine Svellingen

Visuell kunst/kunsthandverk

  • Tobias Kvendseth Johnsen
  • Åse Vikse
  • Janne Nes
  • Ingeborg Tysse
  • Turid Haye
  • Vilde Salhus Røed
  • Eleanore Clare Williams
  • Maia Birkeland
  • Anette Friedrich Johannesen
  • Jack O`Flynn

Folkemusikk

  • Arne Anderdal (folkemusikkstipend)
  • Heidi Kvelvane (Folkemusikk Ung-stipend)
  • Sara Solberg Losnegård (Folkemusikk Ung-stipend)