Kunstnarstipend

Vestland fylkeskommune deler kvar år ut kunstnarstipend. Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar høve til utvikling, fordjupning eller fagleg påfyll. Søk innan 1. juni 2024.

Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar – både nyutdanna og etablerte – høve til  utvikling, fordjupning og/eller fagleg påfyll. Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:  

  • visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)  
  • musikk  
  • scenekunst (inkl. dans)  
  • litteratur og film  

Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa. 

Det vert ikkje gitt støtte direkte til instrument, materiale, utstyr o.l. 

Sektorbudsjettet for kultur og folkehelse for 2024 blir vedteke 18. januar, og det blir då klart kor mange stipend som blir lyste ut i år.

Søknadsfrist

1. juni 2024

Profesjonelle kunstnarar innan alle kunstuttrykk og sjangrar som bur og har sitt verke i Vestland fylke. Det er krav om kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse. 

Det vert ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning/i ein grunnutdanningsfase.  

Stipendet kan berre søkjast av enkeltpersonar. 

Om du har fått stipend frå Vestland fylkeskommune, skal det gå minst tre år før du kan vurderast for eit eventuelt nytt stipend.

Søkjar må fylle ut det nettbaserte søknadsskjemaet for ordninga. Det er ikkje krav om budsjett i søknaden. Det kan visast til relevante nettlenker og leggast ved eitt PDF-vedlegg på inntil 9 MB. Det kan lastast opp lyd- og filmfiler i tillegg der dette er relevant. 

  • Det skal leggast vekt på den kunstnarlege aktiviteten, kvaliteten og utviklinga til kandidaten
  • Det blir lagt vekt på korleis søkjar gjennom søknaden presenterer seg sjølv,  og korleis ein vil nytte ein stipendperiode til kunstnarleg utvikling/fordjuping/fagleg påfyll.   
  • Det er eit mål at nokre av stipenda vert tildelt kunstnarar i etableringsfasen. 
  • Det er eit mål å stimulere til at det er høve til å leve og arbeide som  kunstnar i alle delar av fylket.  
  • Det skal vere kjønnsbalanse i tildelinga – ut frå søkjarmassen som ligg føre. 

Ved prioritering av søkjarar vil det bli vurdert om andre større stipendtildelingar i perioden skal ha betydning.

Fylkeskommunen kan krevje betalt attende tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår. 

Søknadane vert lagt fram for komitear for følgjande kunstformer:   

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)   
  • Musikk   
  • Scenekunst (inkl. dans)   
  • Litteratur og film   

Komiteane er sett saman av fagfolk frå utvalde kunstorganisasjonar og -institusjonar. Organisasjonane og institusjonane står fritt til å velje kven dei vil peike ut som sine representantar til komiteane. Komiteane skal ha ei blanding av fagfellevurdering og anna kunstfagleg kompetanse. Medlemmane skal oppnemnast for to år av gangen.  

 I perioden 2022-2023 er komiteane sett saman slik:

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design): Bildende kunstneres forening Hordaland , Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, Norske kunsthåndverkere Vest-Norge, KODE, Sogn og Fjordane
    kunstmuseum, Hordaland kunstsenter.
  • Musikk: Brak, Vestnorsk Jazzsenter, Vestland fylkeskommune – Seksjon for kulturformidling, Griegakademiet.
  • Scenekunst (inkl. dans): Proscen, BIT Teatergarasjen, Bergen dansesenter, Teaterfestivalen i Fjaler.
  • Litteratur og film: Norsk forfattersentrum Vestlandet, Skrivekunstakademiet, Vestnorsk filmsenter (2
    medlemmar), Tekstallianse

Stipendkomiteane er rådgjevande og skal vurdere og innstille søkjarar. 

Basert på arbeidet i komiteane vil avdeling for kultur, idrett og inkludering – seksjon for kunst- og kulturutvikling ta den siste heilskaplege vurderinga før avdelingsdirektør i medhald av delegert mynde fattar endeleg vedtak om tildeling av stipend.  

Det skal tildelast minst eit stipend til kvar kunstform om søkjarmenga er tilstrekkeleg. Vidare vil fordelinga av stipend gjerast på grunnlag av søkjartal for dei ulike kunstartane, geografi og tidlegare tildelte stipend.   

 

Dei som får tildeling må sende inn kort rapport på bruken av stipendet innan 3 månadar etter at stipendperioden er ferdig. Rapporten skal syne korleis stipendet er nytta, og kva resultat mottakaren har oppnådd i perioden. 

Vedtak om tildeling av stipend  er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b. Det er såleis klagefrist på vedtaket innan 3 veker etter at det er motteke skriftleg underretning. Ein eventuell klage må sendast til post@vlfk.no.

Tildelte kunstnarstipend 2022

Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)

Grete Unstad
Sarah Jost
Kristina Aas
Emilie Wright
Beate Einen
Kaeto Sweeney
Unn Devik
Bjørn Venø
Åse Løvgren

Scenekunst (inkl. dans)

Roseanne Dos Reis
Berit Einemo Frøysland
Marit Loe Bjørnstad

Litteratur og film

Merethe Offerdal Tveit
Erlend O. Nødtvedt
Arnfinn Kolerud
Jade Hærem Aksnes

Musikk

Berit Opheim
Christian Meaas Svendsen
Erlend Tvinnereim
Vilde Tuv
Eline Rafteset