Inviterer til idretts- og familiedag i spektakulær tunnel

– Dette er ein fantastisk og spektakulær gang- og sykkeltunnel, seier fylkesordførar Jon Askeland. Til våren opnar den tre kilometer lange Fyllingsdalstunnelen. Men før opning blir det idretts- og familiedag og løp gjennom tunnelen.

Foto inne i den tre kilometer lange Fyllingsdalstunnelen.
FYLLINGSDALSTUNNELEN: Den nye tunnelen har delte baner for gåande og syklande. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Den tre kilometer lange tunnelen binder Fyllingsdalen og Bergensdalen saman. Den er rømmingsveg for Bybanetunnelen, men blir også gang- og sykkelveg. Dette er den lengste i Europa og den lengste heilårs gang- og sykkeltunnelen i verda.

Laurdag 15. april

Idretts- og familiedagen blir laurdag 15. april.

– Eg gler meg til å kunne ønskje Bergen velkommen til å oppdage tunnelen under dette arrangementet, seier fylkesordførar Jon Askeland. Han har alt funne fram løpsskoa.

Arrangementet blir eit samarbeid mellom BFG Bergen Løpeklubb og Fyllingen IL.

– Idretts- og familiedagen 15. april skal vere eit ope arrangement som skal famne om alle framtidige brukarar av denne tunnelen. Vi er så stolte over å få lov til å arrangere denne dagen, seier styreleiar Bjørn Laastad i BFG Bergen Løpeklubb.

Person inne i tunnel.
Styreleiar Bjørn Laastad i BFG Bergen Løpeklubb inviterer til idretts- og familiedag laurdag 15. april i den nye gang- og sykkeltunnelen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Løp på 3 og 5 kilometer

Det blir fleire aktivitetar på idretts- og familiedagen.

– Vi skal ha løp på høvesvis 3 og 5 kilometer. Vi skal ha sykkelløp for barn med eigen klasse for trehjulsyklar, og heile familien kan ta ein gåtur for roleg å oppdage tunnelen både gjennom sansane og gjennom oppgåver dei kan løyse på vegen gjennom, seier Laastad.

Arrangementet startar i Fyllingsdalen frå klokka 10 laurdag 15. april.

Bybanen utbygging bygger tunnelen for Vestland fylkeskommune.

Det er god tradisjon at byggherre set vegar og tunnelar til disposisjon for idretten før anlegget blir opna for ordinær trafikk. Det er vi glade for at vi no får til i den nye gang- og sykkeltunnelen også, seier konstituert prosjektdirektør Terje Simmenes i Bybanen utbygging.

Person inne i tunnelen.
Konstituert prosjektdirektør Terje Simmenes i Bybanen utbygging stiller tunnelen til disposisjon for idretts- og familiedagen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Binde saman bydelar

Tunnelen vil binde folk på begge sider av Løvstakken saman.

– Fyllingsdalstunnelen vil knytte Fyllingsdalen og Bergensdalen tettare saman både for gåande, syklande og løpande. No kan vi oppleve denne nye, flotte tunnelen på dette idrettsarrangementet. Både små og store blir inviterte til å delta og oppleve det som kan bli den første av fleire turar i tunnelen, seier byråd for klima, miljø og byutvikling, Ingrid Fjeldstad Nergaard i Bergen kommune.

Person inne i tunnel.
– Laurdag 15. april kan vi oppleve denne nye, flotte tunnelen på dette idrettsarrangementet, seier byråd for klima, miljø og byutvikling, Ingrid Fjeldstad Nergaard i Bergen kommune. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Kort om gang- og sykkeltunnelen

Lengde: 3 kilometer

Separat sykkel – og gangfelt

Kameraovervaking

Lys i taket som endrar seg frå grønt i Fyllingsdalen til blått ved Kristianborg

Sykkeltid: ca 10 min

Gåtid: ca 45 min

Opning: vår 2023

Person inne i tunnel.
Fylkesordførar Jon Askeland er klar for den store idretts- og familiedagen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune