Fann båtgraver frå jarnalder, gravrøys frå bronsealder og ei grav frå steinalderen

Arkeologane gjorde fleire interessante funn i Stad kommune i vår.

oversiktsbilde frå arkeologisk registrering
FANN BÅTGRAVER: I fremste del av denne sjakta fann arkeologane spor etter blant anna båtgraver, stolpehol, ei branngrav og ei kokegrop. (Dronefoto: Vestland fylkeskommune)

Arkeologane til Vestland fylkeskommune reiser rundt om i heile fylket og gjer arkeologiske registreringar store delar av året. Enkelte gonger finn dei (bokstavleg tala) gull, andre gonger mest gråstein.

Førhistorisk gravfelt

I vår var arkeologane Ragnhild Egeland Torp og Isabel Furesund Berge på jobb på Berstad i Stad kommune. Her fann dei eit førhistorisk gravfelt med graver frå ulike tidsperiodar.

Gamle jarnnaglar i jord, med meterstokk ved sidan.
Desse jarnnaglane i kombinasjon med glasperla, gjorde at arkeologane skjønte at dei hadde funne ei båtgrav. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Vi stod å sjakta med gravemaskin då vi såg mørkare konturar i massane. Etter litt finreinsing for hand dukka det opp fleire jarnnaglar. Vi forstod raskt at dette kunne vere noko spesielt, og vi trur naglane kjem frå ein eller fleire båtar. Like etterpå fann vi ei fantastisk fin, lita glasperle. Perla er ei såkalla millefiori-perle, italiensk for tusen blomar. Når vi finn båtnaglar og perler saman har vi truleg avdekka ei båtgrav frå yngre jarnalder, eller vikingtid, fortel Torp, som har vore feltansvarleg for denne saka.

Fotocollasj med kvinne som syner fram ei blå, raud og kvit glasperle og eit nærbilde av same perle.
Arkeolog Isabel Furesund Berge syner fram glasperla dei fann i det som synte seg å vere ei båtgrav. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Ei båtgrav er ein gravskikk frå jarnalderen der den døde er gravlagd i ein båt, som så vart dekka til. I tillegg er det ofte lagt ned anna gravgods, som våpen, smykke, verktøy osv. Både menn og kvinner vart gravlagde i båtgraver, men det er ein gravskikk for høgare sosiale sjikt. Båtgravene gjev eit sjeldan innblikk i gravskikken i jarnalderen.

Mange spor etter førhistorisk aktivitet

Arkeologane var ute på ei registrering i samband med ny drikkevasskjelde i Stad kommune då dei gjorde dei sjeldne funna. I tillegg til båtgravene fann arkeologane også spor av førhistorisk busetjing, aktivitet, flatmarksgraver og  ei gravrøys. Den førhistoriske busetjinga og aktiviteten er i form av stolpehol, kokegrop og dyrkingslag, som har vore daterte med C14-datering til eldre og yngre bronsealder og førromersk jarnalder.

Dronefoto av utgraven gravrøys.
I denne gravrøysa fann arkeologane både jarnfragment, som kan vere restar etter ein kjele og eit bryne. (Dronefoto: Vestland fylkeskommune)

Gravrøysa låg rett under torva, og under avdekkinga vart det funne fleire ulike jarngjenstandar mellom steinane. Spesielt interessant er ei lita samling av jarnfragment som kan vere restar av ein jarnkjele, ifølge Universitetsmuseet i Bergen. Under desse låg eit bryne på over 30 cm, som truleg har vore brukt til å kvesse egga på ei øks eller liknande.

Ikkje tilfeldig plassert 

Funna er gjort heilt inst i Moldefjorden i Stad kommune. Området ligg på ei lita høgde med utsikt nordover til Lesto og Lestoneset. Rett over fjorden ligg Eide, der det tidlegare i år vart gjort ei rekke arkeologiske funn frå steinalder til jarnalder.

kart
Den raude markeringa øvst på kartet syner kvar dei arkeologiske registreringane på Berstad er gjort.

Berstadelva renn rett forbi funnstaden, og ho renn ut frå Berstadvatnet, som ligg om lag ein kilometer lenger sør. I nærleiken av gravfeltet går det ein sti opp til og vidare forbi Berstadvatnet. Stien er ein kjend pilegrimsveg, som truleg har vore ein ferdsleveg heilt tilbake til jarnalder eller endå lenger tilbake i tid. Arkeolog Ragnhild fortel at plasseringa av gravfeltet ikkje har vore tilfeldig.

– Vatn har i alle tider vore knytt til ritual og er sjølve kjelda til liv. Sjøen ligg like nedanfor, og trua på eit liv etter døden og ferdsel til dødsriket kan vere knytt til ei slik plassering. Gravene er plasserte på ei lita høgde i terrenget, noko som er ei typisk plassering av graver. Og med den gamle ferdselsvegen som går frå Rimstad, ikkje langt frå Nordfjorden, og kjem ned her på Berstad, så har det vore ein naturleg stoppestad for reisande, seier ho.

Foto av kvinne i arbeidsklede og med ein spade ute i naturen.
Ragnhild Egeland Torp var ei av arkeologane som jobba med den arkeologiske registreringa på Berstad.

Overraskande datering

I eit av avtrykka i utgravinga fann arkeologane fleire fragment av oker. Det er eit mineral som vart brukt i førhistorisk tid som måling eller pynt. Det er også kjent oker i gravkontekst, og det er det arkeologane trur dei har funne her.

– Strukturen er steinsett i kantane og er forseggjort, og minner om ei flatmarksgrav. Det vart tatt ut ei trekolprøve frå denne grava som har vore sendt inn til radiokarbondatering i London. Nyleg fekk vi svar på denne og resultatet var overraskande. Grava fekk datering heilt tilbake til tidleg yngre steinalder og er over 5500 år gamal, fortel Isabel Furesund Berge.

dronefoto av område der det er gjort arkeologiske registreringar
Arkeologane til Vestland fylkeskommune var på Berstad for å gjennomføre ei arkeologisk registrering. Etter dei mange funna som er gjort der, er det no bestemt at Universitetsmuseet i Bergen skal gjere ei arkeologisk utgraving. Ei utgraving er eit større arbeid, der ein prøver å hente ut gjenstandar og dokumentere informasjon. (Dronefoto: Vestland fylkeskommune)

Skal gravast ut av Universitetsmuseet

Vestland fylkeskommune er regional kulturmiljømynde, og avgjer om eit kulturminne skal gravast ut eller bevarast. Slike vurderingar blir gjort på alle arkeologiske registreringar med funn av automatisk freda kulturminne.

Førhistoriske gravfunn er sjeldne, og gjeldande praksis når vi finn gravminne under arkeologiske registreringar, er normalt å late grava liggje i fred framfor å grave ho ut.

– Såleis ville vi anta at båtgravene på Berstad også skulle bli bevara for ettertida på staden, men vi må vurdere heilskapen i det vi finn. Gravene er dekkja av eit tynt torvlag, og når dei vart funne, vart det tilført oksygen. Kombinasjonen av tilført oksygen og den tynne torva gjer at materialet i gravene no ligg utsett til for nedbryting. Det vart difor bestemt at dei måtte gravast ut for å vere sikker på at kjeldematerialet i dei ikkje går tapt, fortel David Sandved, seksjonssjef for kulturarv i Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen har difor gitt løyve til utgravinga. Universitetsmuseet i Bergen tek saka videre og skal gjennomføre ei arkeologisk utgraving av gravene i haust.