Her budde dei første menneska i Vestland

– Vi kan ha funne spor etter dei første menneska i Vestland, seier arkeolog Øystein Skår. Han har leia registreringane i den framtidige traseen for E39 Stord-Os (Hordfast). I Bjørnafjorden, Tysnes og Stord kommunar har dei funne 206 førhistoriske buplassar som er opp til 10 000 år gamle.

To personer ute i mark.
10 000 ÅR GAMLE SPOR: Arkeologane Camilla Rustad og Øystein Skår med flint etter dei første menneska som budde på Vestlandet. Alle foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

– Her har vi ein veldig tidleg busettingsplass. Den er eldre enn det eg først såg for meg. Den kan vere rundt 10 000 år gammal, seier Skår.

Sju flintsteinar

Vi står i skogen på Lepsøy i Bjørnafjorden kommune. Der har feltarkeologane i Vestland fylkeskommune grave eit 70 centimeter djupt hol i bakken. I den fann dei sju flintsteinar, spor etter dei første menneska i Noreg.

– Flint finst ikkje naturleg i Noreg. Dei har kome med isen når den smelta etter istida for 11 000 år sidan. Av flinten laga dei første menneska i Noreg pilspissar, knivar, øksar og skraparar til å reinse skinn. Det vi finn på slike gamle buplassar, er ofte avfall av flint etter at dei har laga reiskapane. Reiskapane hadde steinaldermenneska med seg og kan vere vanskelege å finne, men avfallet finn vi der dei budde. Det vart mellom anna brukt til å sløye fisk, slakte vilt, og andre praktiske føremål, fortel Skår.

To personar i ope mark.
– Dette er ein heilt perfekt steinalderbusplass, seier Øystein Skår og Camilla Rustad. Den ligg på Lepsøy. For 10 000 år sidan låg den to meter over havflata og hadde eit område som var 30-40 meter breitt. På begge sider var det hamn. I dag ligg den 25 meter over havflata. I bakgrunnen er det ferskvatn i dag.

Perfekt steinalderbuplass

Steinalderbuplassen på Lepsøy ligg 25 meter over havet. Men for 10 000 år sidan låg den berre to meter over havflata. Då stod havet 23 meter høgare på denne staden. Skår meiner dette er ein perfekt steinalderbuplass. Like bortanfor her har vi to buplassar som ligg opp mot 30 meter over havet, og kan vere enno eldre enn denne.

– Før vi byrjar å grave i jorda, analyserer vi landskapet for å finne ut kvar det er mest sannsynleg at dei har budd. Når havet stod 23 meter høgare her, må vi difor leite i område som er høgare enn dette.

To personar ute i mark.
Arkeolog Øystein Skår har leia registreringane i Bjørnafjordern, Tysnes og Stord. I dette 70 centimeter djupe holet på Lepsøy fann han og Camilla Rustad spor etter menneska som levde på Vestlandet for 10 000 år sidan.

I ly for ver og vind

Steinaldermenneska i Noreg busette seg ved havet då kysten vart isfri.

– Her på Lepsøy, på denne plassen, var det heilt ideelt. Dei hadde ly for ver og vind og to gode båthamner med eit buområde som var 30-40 meter breitt mellom havet på begge sider av buplassen. Dermed kunne dei reise ut i båt, uavhengig av ver og vindretning. Ein storfamilie på kanskje 5-10 menneske kan ha budd her for 10 000 år sidan, fortel Skår.

Hand med steinar.
Sju flintsteinar vart funne då arkeologane grov i marka på Lepsøy. Dei vart nytta til mellom anna å sløye fisk.

Kysten isfri for 10 500 år sidan

Vestlandet var blant dei første stadene i Noreg som vart isfrie etter istida.

– For 11 000 år sidan starta isen å trekke seg sakte attende. Først vart kysten isfri for 10 500 år sidan. Dette førte til at menneska i Tyskland og Danmark reiste nordover, via Sverige, og busette seg langs kysten, heilt nord til Finnmark. Det skjedde i løpet av 500 år. For 8000 år sidan var all isen vekke, og vi hadde ingen isbrear igjen. Isbreane vi har i dag, kom første seinare, for 5000 år sidan, men no har dei byrja å smelte igjen, seier Skår.

Person i ope terreng
I dette området på Lepsøy fann arkeolog Siv Skjelbreid Rise spor etter ein 10 000 år gammal steinalderbuplass, den andre på Lepsøy. Den tredje steinalderbuplassen ligg nordaust for denne.

206 buplassar

Totalt har feltarkeologane til Vestland fylkeskommune funne 206 buplassar i området som er planlagt for den framtidige traseen til E39 i Tysnes, Stord og Bjørnafjorden kommunar.

– Dette er den største arkeologiske registreringsprosjekt vi nokon gong har gjort gjennom tidene i Hordaland, Sogn og Fjordane og i Vestland. Dette er veldig stort, og vi er bortskjemte med gode funn. Vi har fått mykje å tenke på og jobbe med, seier Skår.

Statens vegvesen er tiltakshavar og finansierer arbeidet som er sett i gang som del av registreringsarbeidet for reguleringsplan for E39 Stord-Os. Vestland fylkeskommune er kulturminnemynde og utfører dei arkeologiske registreringane som er heimla i kulturminnelova.

– Fylkeskommunen har her utført eit viktig og grundig stykke arbeid. Funnmengda til no i prosjektet er formidabel. Svært mykje av denne nye kunnskapen om den eldste delen av historia vår, hadde ikkje blitt tilgjengeleg utan prosjekteringa av E39, seier planleggingsleiar Ellen Slinde i Statens vegvesen.

Hand med steinar
Arkeologane fann mange spor frå steinalderen då dei grov i marka på Lepsøy. Funna ligg frå 25 til 50 centimeter under bakken.

Frå steinalder til mellomalder

Dei fleste av dei 206 buplassane er frå steinalder, men det er også buplassar frå bronsealder, jernalder og mellomalder, i tidsperioden heilt tilbake til 10 000 år sidan og opp til år 1200.

– Vi visste at vi ville finne gamle buplassar i dette området, men ikkje at det ville bli så mange. Det er heilt overveldande. Dei fleste er i Tysnes, om lag 150, 26 her i Bjørnafjorden og 30 på Stord. Alle funn blir katalogisert og går til Universitetsmuseet i Bergen, fortel Skår.

Etter istida var det gode buforhold langs kysten av Noreg.

– Steinaldermenneska i den eldste tida jakta på reinsdyr, oter, sjøfugl og villsvin. I havet var det fisk, sel og niser. Klimaet var kaldare og tørrare. Granskogen som er her i dag, fanst ikkje den gongen. Det var lite skog. Her var tundra med litt lauvskog, dvergbjørk og låg vegetasjon. Det var arktisk klima, men ikkje veldig kaldt. Innover i landet kunne dei sjå istoppane, seier Skår.

Hand med gamle steinar.
Det mest interessante funnet i jorda på Lepsøy er spissen på ein bor som er ca 6000 til 7000 år gammal. Den er nedst på bildet.

Omflakkande nomadeliv

Steinaldermennesket budde ikkje fast på same stad.

– Dei flytte rundt, og levde eit nomadisk, omflakkande liv, alt etter sesong og der dei fann mat. Det var viktig for dei ikkje å bruke opp ressursane på ein stad, men flytte ofte, i store område, slik at dei kunne nytte matressursane best mogleg. Dei hadde gjerne fleire buplassar som dei kom attende til gjennom året.

Steinaldermenneska kunne reise langt i båtane.

– Frå bevarte funn i Danmark veit vi at dei kunne ha eldstadar i båtane for matlaging på lengre reiser. Busetnad på øyar og holmar langt vest i havet synar at båten har vore eit viktig reiskap og framkomstmiddel heilt tilbake til dei første menneska som busette landet. Desse første 5000 åra etter istida levde dei av sanking, fiske, jakt og fangst og dyrka ikkje jorda. Først for 4500 år sidan byrja dei med jordbruk og fekk husdyr, fortel Skår.

Hand med to steinar
Spissen på boren kan ha vore laga til av ein flintstein som ser slik ut som den til høgre. Boren vart nytta til å utvinne tømmer til hus og båtar for 6000-7000 år sidan.

Fann spissen av bor frå steinalderen

På Lepsøy har arkeologane funne tre steinalderbuplassar som truleg er 10 000 år gamle. Dei andre, ligg eit lite stykke unna den første og er plassert om lag 30 meter over havet i dag. Dei hadde også eit landområde på 30-40 meter mellom havet og perfekte hamneforhold.

– Her har vi eit veldig interessant funn. Det er spissen på eit bor av flint. Den er brukt til å bore hol i tre og bein, både til produksjon av reiskapar og til bygging av båtar og andre innretningar dei har hatt brukt for. Båtane, i den første tida, har mest truleg vore rammeverk av tre spent med skinn frå sel. Nokre tusen år seinare i steinalderen har vi prov på at dei bygde båtane av tømmer.

I den eldste fasen har bustadane vore skinntelt. Dei er lette å ta ned og frakte med seg når dei levde eit nomadisk liv med mykje flytting. På ein del buplassar rundt i Norge er det funne teltringer av stein. Steinane har halde teltduken nede, og er ofte det einaste synlege sporet etter busetnaden, kanskje i saman med restar av ein eldstad og nokre flintavslag.

For 6000-7000 år vart dei meir bufaste og byrja å bygge meir permanente busetnadar. Vi har funne tufter etter dette og tjukke kulturlag i jorda med avfall etter dei, seier Skår.

To personar ute i mark.
Øystein Skår (t.v.) og Joakim Antonsen har funne mange spor etter dei første menneska som budde i Vestland.

Den første handel i Noreg

For 7000 år sidan byrja steinaldermenneska å bytte varer.

– Vi kan kanskje seie at dette var starten på handelen i Noreg. Spesielt grønstein frå Espevær på Bømlo var mykje etterspurt. Den vart brukt til å lage øksar gjennom fleire tusen år. På denne tida kunne folk bu saman i større grupper. Det kunne vere 50-60 menneske i ei slik gruppe.

På steinalderbuplassen på Lepsøy, der arkeologane fann sju flintsteinar, er det også spor etter yngre busettingar.

– Vi fann tre lag med spor etter tidlege busettingar. Djupast nede, om lag 25 til 50 centimeter under overflata, fann vi flintsteinane etter busetting for 8000 til 10 000 år sidan. Over dette er det eit nytt jordlag som kan vere spor etter dei som budde her for 500 til 1800 år før vår tidsrekning. Her er det spor etter det som kan ha vore skogbrann eller bruk av eld. Over dette igjen er det eit lag med svart jord som inneheld kol. Dette laget inneheld tre, feitt, skinn og trekol. Dette kan vere restar etter folk som budde her i perioden 500 år før vår tidsrekning og fram til vikingtida, år 1000, seier Skår.

Person ute i ope terreng som peikar med armen.
Her fann arkeolog Joakim Antonsen steinalderbuplass på Lepsøy.

Spor etter gammal vev

Den yngste buplassen på utgravingane fann arkeologane på Stord.

– Det var ein gard som truleg vart lagt aude etter Svartedauden i 1349. Sjølve hustufta var kjend frå før, så vi grov nokre små sjakter gjennom tuften og avdekka eit hellelagt golv. I golvlaget fann vi eit vevlodd som har vore brukt i ei oppstadvev. Dei eldste dateringane frå dette gardsanlegget er heile 3400 år gamle og strekk seg attende til eldre bronsealder. I tillegg har vi dateringar frå romartid, folkevandringstid, vikingtid, og den yngste dateringa frå 1200-talet som er i høgmellomalder.

Person som grev i jorda med spade.
Spade og handamakt må til når arkeolog Joakim Antonsen leiter etter gamle buplassar.

Automatisk freda

Feltarbeidet i den framtidige traseen til E39 Stord-Os er over for fylkesarkeologane.

– Vi held no på med å skrive ein fagrapport om kvar lokalitet. Desse funna blir registrert i databasen «Askeladden» til Riksantikvaren. Alle funna er automatisk freda. Statens vegvesen må søke om dispensasjon frå kulturminnelova for å få frigitt dei av funna som ligg i den planlagde vegtraseen for E39 Stord-Os. Universitetsmuseet i Bergen vil i så fall utføre nødvendige utgravingar før bygging.

Totalt har 13 feltarkeologar jobba med registreringane i desse tre kommunane sidan mars i fjor.

– Det har vore kjempeinteressant. Å finne 206 buplassar er stort, men på eit fleirtal av stadene vi grov, fann vi ikkje noko. Men funna vi har gjort, er kjempeinteressante, seier Skår.

Person ute i ope terreng med spade og bøtte.
Arkeolog Siv Skjelbreid Rise, godt kledd med spade og bøtte, fann ein 10 000 år gammal steinalderplass i dette området på Lepsøy.

Starta i 13 grader minus

Då utgravingane og registreringane starta 21. mars 2021 var det veldig kaldt, 13 grader minus, men arkeologane har også hatt mange gode dagar.

– Det har vore ei veldig fin tid og kjekk jobb. Det er gøy å kunne reise ut og gjere slike funn og ikkje berre sitje på kontoret. Men det er også tungt å vere arkeolog. Vi grev mykje for hand, så knær og rygg får køyrt seg ein god del. Men på dyrka mark bruker vi gravemaskin til å avdekke topplaget. No skal vi gjere ferdig rapporten om funna. Den blir klar ut på nyåret, og vil forhåpentlegvis bli interessant lesing for arkeologar i mange år framover, seier Øystein Skår, arkeolog i Vestland fylkeskommune som har leia registreringane.