Bybanen Utbygging: No startar vi med grunnundersøkingar og synfaringar
Prosjekteringsarbeidet for Bybanen til Åsane blir no synleg i bybildet.
Bybanen Utbygging er godt inne i prosjektering av Bybanen til Åsane etter vedteken reguleringsplan. No er det tid for å gjennomføre synfaringar og fysiske undersøkingar for å komme vidare i detaljplanlegginga.
Frå regulering til prosjektering
Bybanen Utbygging er ein prosjektorganisasjon i Vestland fylkeskommune som har som oppdrag å planleggje, prosjektere og byggje Bybanen til Åsane. Utbyggingsorganisasjonen har sidan juni jobba tett saman med ei prosjekteringsgruppe under leiing av COWI med Rambøll og Asplan Viak som underrådgivarar. Fagmiljøet på prosjektering har gjennomført fyrste fase i prosjekteringsoppdraget og etablert prosjekteringstrukturen basert på godkjent reguleringsplan med gjeldande føresegner.
Frå nyttår av går prosjektet inn i fase to der prosjekteringskonsulenten skal starte arbeidet med kartlegging av eksisterande infrastruktur, kunnskapsinnhenting rundt gjenbruk, utføre innmålingar, gjennomføre undersøkingar av grunnvatn, kartlegge behov for grunnundersøkingar. Dei skal også gjennomføre ei rekke synfaringar saman med øvrige etatar, samarbeidspartar og interessentar.
– Det som kjem til å hende framover er at vi stegvis blir meir synlege i bybiletet. Dei konkrete oppgåvene som skal utførast er gjennomføring av ulike kartleggingar, målingar og undersøkingar, både over og under bakken og under vatn. Dette er eit arbeid som må gjerast no for å prosjektere føretrekt løysning og å identifisere restrisiko og moglegheiter for valde løysingar i reguleringsplanen. Undersøkingane framover skal også finne mest mogleg klimavennlege løysningar for regulert trase, seier prosjektdirektør Arve Tjønn Rinde.
Politisk bestilling
Rinde er medveten om at spørsmål om kvifor «Bybanen» jobbar i sentrum og på Bryggen vil vere noko utbyggingsorganisasjonen og konsulentane som jobbar ute i gatene kan bli møtte med.
– Det er ei politisk bestilling å sikre at planlegging og prosjektering av regulert trasé for byggetrinn 5 skal gjennomførast som planlagd for å sikre best mogleg kontinuerleg utbygging av Bybanen. Det arbeidet vi gjer i prosjekteringsfase er avgjerande for korleis vi skal løyse sjølve bygginga. Vår oppgåve er som alltid å levere på dei oppdrag vi som prosjektorganisasjon blir tildelt, seier Rinde