Vann pris for restaurering av kystlynghei
Tormod Magnesen får klima- og miljøprisen for landbruket. Han har over tid arbeidd målretta for å fjerne framande treslag og med å restaurere kystlynghei i Øygarden.
– Arbeidet er utført på ein svært god måte og er med på å ta vare på biologisk mangfald. Mottakar er eit førebilete for andre i arbeidet med å sikre miljø og naturmangfald, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.
Han delte ut prisen på 30 000 kroner på Landbrukskonferansen 2022 i Førde på onsdag.
Har restaurert 80 mål
Kystlynghei er ein raudlista naturtype som mellom anna blir truga av den store spreiinga av Sitkagran og Buskfuru. Prisvinnar Tormod Magnesen har restaurert eit areal på om lag 80 mål i Hatten i Øygarden som tidlegare var attgrodd med dei framande treslaga, samt skjøtta og restaurert store areal kystlynghei nord i Øygarden.
– Det er utruleg stas å få ein slik pris for noko som eg har jobba med i mange år! Prisen og det at andre ser verdien av arbeidet som er lagt ned, gjev stor motivasjon til å stå på vidare. Eg håper at dette kan vere med å inspirere fleire til å ta vare på kystlyngheia, seier Magnesen om å vinne prisen.
Fuglebestanden tar seg opp
Dei restaurerte våtmarksområda er særleg viktige for fuglefaunaen. Mellom anna vipa, som er ein kritisk trua fugleart, har dei siste åra rasta i våtmarka etter å ha vore borte i fleire åra. Bestanden av storspove har tatt seg opp i takt med restaureringa. Restaurering tilbake til naturtypane kystlynghei og våtmark, haldne i hevd gjennom beiting, bidreg positivt til klimaet gjennom betre karbonbinding.
Dugnad og formidling
Gjennom dei siste åra har Magnesen arrangert fleire ryddedugnadar i samarbeid med mellom anna Naturvernforbundet Hordaland. Desse dugnadane har vore viktige formidlingstiltak Deltakarane har uttrykt at praktisk naturvernarbeid er med på å vekke forståing og engasjement for nedkjemping av framande artar.
Delt ut for første gong
Dette er første gong Vestland fylkeskommune deler ut klima- og miljøprisen for landbruket. Prisen er utarbeida i samarbeid mellom fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Vestland. Målet er at prisen skal gje auka merksemd rundt gode klima- og miljøvennlege tiltak i landbruket.
Juryen har vore sett saman av representantar frå desse organisasjonane:
- Vestland fylkeskommune
- Statsforvaltaren i Vestland
- Vestland bondelag
- Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag og Hordaland bonde- og småbrukarlag (ein felles representant)
- Ekstern representant frå Norsk landbruksrådgiving/Klimasmart landbruk