Set retninga for fornybar energi i Vestland fylke

Vasskraft, vindkraft, solenergi eller andre energikjelder? Planprogrammet til regional plan for fornybar energi er no vedtatt.

Vannkraftverk.
STØRSTE KRAFTFYLKE: Vestland har høgast kraftproduksjon av fylka i landet. 25 prosent av all energiproduksjon føregår her. Illustrasjonsfoto av Frøland kraftverk: Magne Sandnes/Vestland fylkeskommune.

Planprogrammet gir føringar for både mål, plantema, organisering av planarbeidet samt korleis sikre medverknad i planarbeidet.

– Arbeidet med å legge til rette for meir utbygging av fornybar energi hastar. Vestland har framleis moglegheit til å halde posisjonen som kraftfylke, så lenge vi klarer å oppretthalde vekst i utbygging av fornybar energi, seier fylkesordførar Jon Askeland som understrekar at dette også er avgjerande for å sikre grøn vekst i industrien.

Det største kraftfylket

Engasjementet kring den regionale planen for fornybar energi er stort, noko dei 42 høyringsinnspela som kom inn viser. Vestland har høgast kraftproduksjon av fylka i landet. 25 prosent av all energiproduksjon føregår her, og vi eksporterer kraft. Samtidig manglar fleire av kommunane kraft for vidare vekst og realisering av grøne arbeidsplassar.

– For konkurransesituasjonen for næringslivet i Vestland er det avgjerande med tilgang til grøn energi. Fleksibel og sikker kraftforsyning er ein viktig føresetnad for vidare grøn verdiskaping i fylket, seier Askeland.

Stort engasjement gir betre plan

Planprogrammet blei sendt ut på høyring i mars, og det kom mellom anna innspel frå kommunar, regionråd, naturvernorganisasjonar og både små og store selskap.

– Engasjementet i Vestland om temaet fornybar energi er stort og meiningane er sterke. Av høyringsinnspela går det fram at mange er svært positive til at det skal lagast ein eigen plan om temaet, seier Askeland. Han legg til at engasjementet er svært positivt for fylkeskommunen som skal utarbeide planen. Gode innspel er viktige for å gjere planen best mogleg. Mange av innspela vil bli vidareført til utarbeidinga av sjølve planen.

Kommunane bestemmer sjølv

Nokre tema går igjen i høyringsinnspela, mellom anna viktigheita av lokal styringsrett for bruk av dei enkelte energikjeldene. Det vil for eksempel sei at kommunane sjølv skal få bestemme om det skal byggast ut vindkraft eller ikkje i deira område.
Fylkesutvalet vedtok nokre tillegg i planprogrammet. Dei bestemte at det no skal gjerast ei kartlegging som viser kva kommunar som vil ha vindkraft på land. Fylkesutvalet understreka at kommunane må være tydelege på om dei vil bruke areal til vindkraft i urørt natur eller ha mindre vindkraftanlegg i industriområde.

Askeland viser til vedtaket fylkestinget gjorde i 2020 om at kommunane sjølv skal bestemme om dei vil ha vindkraft, og at fylkeskommunen ikkje brukar krefter på dette konfliktfylte området utan at kommunar ber om det.
– Då er også dei lokalpolitiske prosessane tekne før det vert eit regionalt tema, seier han.

Fylkesutvalet vedtok også eit tillegg som handla om å framheve potensialet som ligg i energiproduksjon og industriutvikling i havvind. Fylkesutvalet meiner det må vurderast om dette skal med i planen, samtidig som det også må takast omsyn til havbruk, fiskeriinteresser og det biologisk mangfaldet.

Termisk energi

Høyringsinnspela til planprogrammet handla også om korleis vi kan utnytte energikjeldene våre betre. Dette gjeld til dømes termiske energikjelder, noko som inneber energiproduksjon gjennom varmeutveksling frå for eksempel luft, sjø og grunn.

Kva skjer vidare?

Det neste steget på vegen mot ein plan for fornybar energi, er å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag. Målet er å sende ut eit høyringsutkast av sjølve planen i oktober med åtte vekers høyringsfrist.

Den regionale planen for fornybar energi skal til politisk behandling på fylkestinget i mars 2023. Planen blir eit av grunnlaga for klimaomstillinga i fylket og skal fastsette mål om ambisjonsnivå og utbygging av fornybar energi. Dette inneber og eit estimat over kor mykje energi som vil kome frå fornybare energikjelder i løpet av planperioden. Dei fornybare energikjeldene har sitt opphav i naturens eige fornybare krinsløp.