Ny prosjektleiar og kommunikasjonsrådgjevar i Grøn region Vestland
Heidi Synnøve Gaustad vert prosjektleiar for Grøn region Vestland, eit fellesprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge for grøn omstilling i regionen. I tillegg er Arent Kragh på plass som kommunikasjonsrådgjevar for prosjektet.
Heidi Synnøve Gaustad har lang røynsle med prosjektleiing innan både privat og offentleg sektor, seinast har ho vore engasjert som prosjektleiar av Bjørnafjorden landbrukskontor. Gaustad har bakgrunn innan miljøteknologi, og fullførte i 2021 studiet Brytningstid ved NHH. Kragh kjem frå pr- og kommunikasjonsbransjen der han har vore tilknytt eit konsulentselskap i nær 15 år.
Grøn region Vestland er eit felles prosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge. Det har som føremål å realisere grøne utviklingsprosjekt i næringslivet i fylket, der prosjekta har potensial for klåre kutt i karbonutslepp og samtidig legg grunnlaget for auka sysselsetting, verdiskaping og auka eksport. I Grøn region Vestland er det definert 16 grøne hubar rundt i fylket med kvar sin portefølje av slike prosjekt.
– Gler meg
Gaustad seier at ho gler seg til å ta til i den nye prosjektleiarstillinga.
– Eg har alltid vore engasjert i dei store, grøne spørsmåla, og no ser eg fram til å få møte dei kompetente folka i organisasjonen og i næringslivet i regionen, seier ho.
Gaustad seier vidare at ho oppfattar at prosjektet si viktigaste rolle er å fungere som ein «koplingsboks» som syt for at alle dei gode prosjekta vert realiserte. Heidi Gaustad tek til i stillinga 1. desember i år. Hennar første prioritet vil vere å bli betre kjent med organisasjonen, men like mykje å få kome ut og møte bedriftene i hubane. Prosjektleiaren vil vere organisatorisk tilknytt Innovasjon Norge.
Kommunikasjonsrådgjevar allereie i sving
Arent Kragh tok til som kommunikasjonsrådgjevar for Grøn region Vestland i midten av september. Han er organisatorisk tilknytt Vestland fylkeskommune, og seksjonen for forsking, kompetanse og internasjonalisering under avdeling for næring, plan og innovasjon.
Kragh kom til stillinga etter å ha vore nær 15 år i pr- og kommunikasjonsbyrået Apriil PR. Han har også erfaring frå politikk og offentleg administrasjon.
– Glad temaet no tek form
Avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon, Bård Sandal og direktør Nina Broch Mathisen er prosjekteigarar.
– Vi er glade for at prosjektteamet for Grøn region Vestland no tek form og er i ferd med å kome på plass. Vi har funne flinke folk med ei brei og variert bakgrunn frå både privat og offentleg sektor. Det er eit viktig steg framover i arbeidet at det no kjem på plass ein prosjektleiar og kommunikasjonsrådgjevar som er fullt dedikerte til dette prosjektet og som skal jobbe saman med dei som allereie er i prosjektteamet, seier dei.