Lyser ut 800 000 kr til arbeid for mindre plast i naturen

Det handlar om både rydding av plast og førebygging av unødig bruk og spreiing av plast i naturen. No kan kommunar og organisasjonar søkje tilskot frå fylkeskommunen til dette viktige arbeidet.

Foto av plastrydding i fjøra, med båt som hjelper til ute på sjøen.
PLASTRYDDING: Tiltak for å både rydde plasten som alt er i naturen og havet, og hindre at det blir meir plast på avvegar kan få tilskot frå fylkeskommunen. Bildet er frå ein tidlegare plastryddeaksjon i Vestland. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune har ein eigen plaststrategi der målet er ein plastfri natur og eit plastfritt hav. Fylkestinget har sett av ein million kroner til oppfølging av strategien i 2022, og fylkesutvalet vedtok 9. februar at 800 000 av desse blir lyste ut no i vår.  

Både rydding og haldning 

– Vi vil ha heile fylket med på laget og vel difor ei slik open utlysing av desse midlane for å sikre både samhandling og regional medverknad. Oppfølging av plaststrategien er viktig for å nå både våre eigne mål, men også berekraftsmåla til FN om ansvarleg forbruk og produksjon, livet på land og i havet og ikkje minst om samarbeid. No håpar vi så mange som mogleg søkjer midlar og blir med i plastdugnaden, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Pengane kan gå til blant anna plastryddeaksjonar og haldningskampanjar. Det er eit mål at minst 25 prosent av midlane går til arbeid med å førebygge unødig bruk og spreiing av plast.  

Søknadsfrist 15. mars 

Elles vil satsingar som mobiliserer fleire personar eller aktørar bli prioriterte. Det gjeld også tiltak som skaper synergieffektar hjå søkar, og tiltak i ein berekraftig organisasjon, der ein kan lære av erfaringar og utvikle arbeidsområdet vidare. 

Søknadsfristen er 15. mars, og det blir lagt ut meir informasjon og søknadsskjema på nettsida til fylkeskommunen når dette er klart. 

Plastutfordring og grøne idrettsarrangement 

Dei resterande 200 000 kr av millionen som er sett av til å følgje opp plaststrategien går til satsinga «Grøne idrettsarrangement» og til plastutfordringa på dei vidaregåande skulane. 

Plastutfordringa er ein konkurranse der elevane skal gjennomføre aktivitetar som reduserer eigen plastbruk og plastforsøpling i ein viss periode. Tolv vidaregåande skular i Vestland deltok i 2021, og det blir konkurrert mellom både klassar og skular. 

Grøne idrettsarrangement er ei satsing der Vestland fylkeskommune samarbeider med blant andre Vestland idrettskrets og Idrettsklynge Vest for å utvikle ei sertifiseringsordning for meir miljøvenlege idrettsarrangement. Eitt av tiltaka er mindre bruk av plast.