Det handlar om meir enn å bli mett i skulekantinene
Livet og maten i kantina er ein viktig del av skulekvardagen for elevane på dei vidaregåande skulane. Ceviche, heimebakst og smoothiebar har revolusjonert kantina i Stryn.
– Kantinedrift betyr mykje meir enn sal av mat til elevane, og måltidet handlar om meir enn det å bli mett. Kantina påverkar kva forhold dei unge får til mat, og her møter dei nokon som ikkje skal setje karakter på dei, seier Sissel Øverdal, områdeleiar i avdeling for opplæring og kompetanse.
I forkant av det nye skuleåret var over 50 kantinetilsette samla på Voss for å gje kvarandre tips og råd før elevane kom tilbake. Dei vart kjende med rettleiingstenesta Matvalget og fekk høyre erfaringar frå dei pilotskulane i prosjektet Berekraftige, sunne kantiner: Voss og Stryn vidaregåande skular. Frå i haust blir fire nye skular med i kantineprosjektet: Fitjar, Knarvik og Dale vidaregåande skular, i tillegg til Manger folkehøgskule.
Ceviche og smoothiebar i Stryn
I Stryn har dei gjort fleire endringar sidan dei vart med i prosjektet i 2020, og Jon og Recheal delte villig vekk erfaringane med kantinekollegaer frå heile fylket. No bakar dei alt av bakevarer sjølve, og dei bakar grovt. Dei har også laga ein eigen smoothiebar og gjort smoothien vesentleg billegare enn brus. Smoothiesalet har gått opp, og brussalet har gått ned. Ein annan suksess har vore ceviche i salatbaren, noko dei omtalar som ein vellukka måte å bruke meir fisk på.
– Det er lett å halde fram som ein alltid har gjort, men gode innspel frå Matvalget har gjort at vi har endra drifta. God dialog og godt samarbeid med skuleleiinga er også viktig. Kantina er ein viktigare del av skuledrifta no enn tidlegare, seier Jon.
Økologiske og ureist på Voss
På den andre pilotskulen, Voss vidaregåande skule, står samarbeid, og det å nytte ressursane, kompetansen og grønsakene som alt finst på skulen i sentrum. Dei har etablert eit «trekantsamarbeid» mellom kantina og utdanningstilboda naturbruk og restaurant og matfag. Slik blir kantineprosjektet også del av sjølve undervisninga.
– Målet er at kantina skal vere ein sosial og attraktiv møteplass for elevane. Der skal dei få mest mogleg god, heimelaga mat, laga av berekraftige råvarer og ureist mat frå landbruksproduksjonen ved skulen. Vi vil også bruke mest mogleg råvarer som er i sesong, oppsummerer kjøkensjef Geir Helge.
Kantina har auka forbruket av økologiske varer frå 2 til 19 prosent, og dei bakar også der meir enn tidlegare.
Les meir om kantineprosjektet i artikkelen Klimavenlege tiltak for ei grøn skuleframtid i klimamagasinet Klimakappløpet mot 2030. Den grøne leiartrøya.
Motiverande med elevar som kundar
Lene Omdahl er prosjektleiar, og framhevar korleis måltidet kan foreine mange viktige tema i skulekvardagen. Det handlar om berekraft i form av ernæring og kosthald, bevisste val av råvarer og reduksjon av matsvinn. Men det handlar også om trivsel og sosialt fellesskap.
– Det er noko ekstra motiverande med at kunden er elevar. Det er ungdomar som skal byggje gode vaner desse skuleåra, som dei så skal ta med seg vidare i livet. Det understrekar den viktige rolla til kantina og alle som jobbar der, seier Omdahl.
Berekraftsmåla i kantinene
Som del av skulane, har kantinene på dei vidaregåande skulane høve til å bidra til folkehelse, livsmeistring og berekraft i praksis. Opplæring i og bevisstgjering om berekraftsmåla til FN er også ein viktig del av kantineprosjektet, i og med at maten vi produserer og et har betydning for fleire av måla.
Matvalget er ein viktig samarbeidspart for Vestland fylkeskommune i kantineprosjektet. Det er ei rettleiingsteneste for offentlege storhushaldningar, som jobbar med endringsprosessar for å auke måltidsglede og -kvalitet. Les meir på matvalget.no.