Vestland set nasjonal retning for e-sport og gaming
Vestland fylkeskommune ønskjer å bruke e-sport og gaming for å hindre utanforskap, i tillegg til å utvikle tilbod i både breidde, topp og i vidaregåande skule.
Det slo fylkestinget fast då dei vedtok Strategi for e-sport og gaming i Vestland 2021–2022 under møtet 29. september.
– Så vidt vi veit er vi første fylkeskommune til å vedta ein slik strategi. Dette er eit område der Vestland har teke ein posisjon både nasjonalt, men også i europeisk samanheng. Vi har gjort mykje allereie, men med strategien slår vi fast retninga også framover – slik at vi skal halde posisjonen vår og bli endå betre. Det aller viktigaste er delmål 1 – sikre utanforskap og sosial berekraft, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Konkrete tiltak
Hovudmålet i strategien er formulert slik:
Vestland fylkeskommune skal vere ein tilretteleggjar og kunnskapsressurs for e-sport og gaming i Vestland, med utgangspunkt i prinsippet om ei armlengdes avstand.
Heilt konkret betyr det blant anna at fylkeskommunen vil oppmode til å ta omsyn til areal for e-sport i romprogram for framtidige og eksisterande kommunale og fylkeskommunale bygg. Fylkeskommunen vil også tilpasse og vidareutvikle tilskotsordningar som verkemiddel for både deltaking og oppstart av tilbod.
I tillegg vil fylkeskommunen leggje til rette både for små og store e-sportarrangement i fylket og for utvikling av topputøvarar – blant anna.
Topp og breidde
Vestland fylkeskommune har allereie oppretta eit eige utviklingsstipend for e-sportutøvarar. Målet er at unge og lovande utøvarar får høve til å vidareutvikle seg og å motivere til vidare satsing. Stipendet kan såleis vere eit verkemiddel for å leggje til rette for topputøvarar. Men strategien set likskapsteikn mellom breidde og topp.
– Gode eliteutøvarar er viktig, ikkje minst for å senke terskelen for å delta og for å sidestille e-sport med idretten. Samtidig er breidde eit stikkord. Vi treng møteplassar der unge kan møtast på tvers av sosio-økonomiske grenser – ikkje for å bli internasjonale meistrar, men for å ha ein god kamp med gode vener, slår fylkesordføraren fast.
Samarbeid for sunn utvikling
Eit anna viktig punkt i strategien, oppsummert i delmål 3, er at Vestland fylkeskommune skal vere med og sikre kompetanse og utvikling. Samarbeidet med Idrettsklynge Vest og prosjektet Aktive Gamere er sentralt i dette arbeidet.
– Her samarbeider vi med forskarar, helsepersonell, idretten og andre kloke hovud om å skaffe oss mest mogleg kunnskap og å leggje til rette. Vi set retning for ei sunn utvikling av gaming og e-sport her i fylket, seier fylkesordføraren, som også er styreleiar i Idrettsklynge Vest.
Les meir
Strategi for e-sport og gaming i Vestland 2021–2022
Kunnskapsgrunnlag for e-sport i Vestland
Politisk sak: E-sport i Vestland fylke. Status på område, kunnskapsgrunnlag og strategi for arbeidet