Vil du utvikle lokalsamfunnet ditt?

Du som bur i Vestland kan no søkje om midlar til lokalsamfunnsutvikling der du bur. Søknadsfristen er 25. oktober.

Prosjektleiar Ingeborg Sætrevik på besøk i Kunstbygda Vevring.
LOKALSAMFUNNSUTVIKLING: Prosjektleiar Ingeborg Sofie Sætrevik inviterer lag og foreiningar i bymiljø og distrikt til å søkje om opptak til LivOGLyst-programmet. Her frå besøk til Kunstbygda Vevring.

LivOGLyst-programmet er ei satsing som er unik for Vestland fylke. Programmet tilbyr eit nettverk for dei som ønskjer å utvikle lokalsamfunnet sitt. Det kan vere alt frå å etablere nye møteplassar i lokalsamfunnet til å lage ein festival.

Ta kontakt for råd og rettleiing

– Vi ønskjer å få med deg som har ein god idé til eit prosjekt som kan bygge gode lokalsamfunn, men tida fram til søknadsfristen 25. oktober er kort. Om du har spørsmål rår vi deg derfor til å kontakte oss snarast mogleg, så skal vi rettleie deg best mogleg, seier Endre Høgalmen, seksjonssjef for naturressursar, landbruk og reiseliv i Vestland fylkeskommune.

Formålet med LivOGLyst-programmet er å stimulere til lokalsamfunnsutvikling slik at vi får gode lokalsamfunn som grunnlag for bulyst, god folkehelse og næringsutvikling.

– Vi har gode erfaringar med dette arbeidet, seier rådgjevar Ingeborg Sofie Sætrevik.

Ho er prosjektleiar for LivOGLyst og står klar til å rettleie dei som no tenkjer å søkje.

To typar prosjekt

Du kan søke om tilskot til eittårige forprosjekt eller treårige hovudprosjekt. Dei eittårige forprosjekta kan få inntil 50 000 kroner, og søknadsfristen 25. oktober gjeld slike prosjekt.

Treårige hovudprosjekt får 300 000 kroner i støtte. Berre prosjekt som har gjennomført eit eittårig forprosjekt, kan søkje om midlar til hovudprosjekt. For hovudprosjekta er søknadsfristen 6. desember.

Kommunane må bidra

Ein føresetnad for opptak til programmet er at kommunen stiller med ein kontaktperson. I dei treårige prosjekta må kommunen dessutan bidra med til samen 90 000 kroner (30 000 kr årleg).

I tillegg til økonomisk tilskot får deltakarane tilgang til nettverk, kurs, rettleiing og innsikt i prosjektmetodar som gjeld LivOGLyst-modellen. Det er krav om at alle som får midlar, deltar i LivOGLyst-nettverket.

Konferansar i haust

Alle nye prosjekt får tett oppfølging av LivOGLyst-arbeidsgruppa med representantar frå Fylkesmannen i Vestland, Innovasjon Noreg og Vestland fylkeskommune.

I starten av oktober blei det arrangert LivOGLyst-konferanse på Skei, i tillegg til ein digital konferanse. Her deltok LivOGLyst-nettverket og andre interesserte for å lære meir om lokalsamfunnsutvikling og prosjektarbeid.

20 aktive prosjekt

I dag er det om lag 20 aktive LivOGLyst-prosjekt i Vestland. Sidan oppstarten i 2007 har det vore gjennomført 76 prosjekt fordelt på 32 kommunar.

Å involvere innbyggjarane er sentralt i alle prosjekta og blir gjort på mange ulike måtar. I Ytre Solund har dei arbeidd iherdig på dugnad med å ruste opp eit gamalt skulehus. Huset skal fyllast med aktivitet, særleg retta mot ungdom. Eit anna eksempel er frå Langevåg på Bømlo, der innbyggjarane har laga festivalen Camp Kåsa. Målet er å ha det kjekt og sosialt i lag, på same tid som dei bygger nye kjekke plassar å møtast i sentrum.

Grunnlaget for LivOGLyst-programmet har grobunn i rapporten «Perspektiv på bygdeutvikling» som Rokkansenteret publiserte i 2005. Forskarane avdekka i denne eit behov for ei varig satsing på lokalsamfunnsutvikling i tidlegare Hordaland fylke.