LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland
Vil du vere med og skape eit levande, attraktivt og inkluderande lokalsamfunn?
LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil styrkje trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur. Programmet gir både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale tiltak.
Sjå informasjonsvideo om programmet:
Opptak hausten 2026
Det blir nytt opptak til LivOGLyst-programmet hausten 2026. Søknadsfristen er 1. november.
Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?
Eit LivOGLyst-prosjekt blir drive av innbyggjarar i lokalsamfunnet. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Målet er å samle folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser for å skape noko positivt saman.
Les korleis Bolstadøyri grendalag har jobba med LivOGLyst-prosjektet der.
Forprosjekt
Prosjekta startar alltid med eit forprosjekt. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr i støtte til å få folk med, skape engasjement, få fram idear og teste dei ut. Første året handlar det ikkje om å ha ei løysing klar - men å samle folk og å finne ut kva dei har lyst til.
Hovudprosjekt
Etter forprosjektet kan de søkje om å bli eit hovudprosjekt. Då kan de få 300 000 kr over tre år og kan jobbe vidare med arbeidet frå forprosjektet.
Tilskota til forprosjekt og hovudprosjekt kan brukast til
- Prosjektleiing (inntil 50 prosent)
- Mobiliseringstiltak og aktivitetar (t.d. idéverkstader, arrangement, møteplassar, utstyr)
- Deltaking i LivOGLyst-nettverket (reise, opphald, kurs)
LivOGLyst-nettverket
Som prosjekt blir de del av eit regionalt nettverk med andre eldsjeler frå heile fylket. Her får de
- opplæring i prosjektarbeid og relevante tema
- ei årleg fysisk nettverkssamling med inspirasjon og erfaringsdeling
- digitale faglege og sosiale møteplassar gjennom året
- oppfølging frå fylkeskommunen og ein lokal kontaktperson i kommunen
Få inspirasjon og les om prosjektet til Ålfoten LivOGLyst.
Kriterium for å søke
Forprosjekt
- Innbyggarar kan ta initiativ til å starte eit LivOGLyst-prosjekt, men formell prosjekteigar og søkar må vere ein frivillig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret. De kan opprette ein eigen LivOGLyst-organisasjon eller samarbeide med ein eksisterande frivillig organisasjon som t.d. eit grendalag, ungdomslag og liknande. Fleire organisasjonar samarbeider gjerne om eit prosjekt, men ein organisasjon må stå som prosjekteigar. Søkar og prosjekteigar må representere eit lokalsamfunn i Vestland fylke.
- Prosjektet skal ha eit styre på minst 4 personar, og det er ønskeleg at styret reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet.
- Søkar må kontakte kommunen sin, og legge ved ein skriftleg stadfesting om at prosjektet har ein eigen kontaktperson tilsett i kommunen. Denne skal fungere som ein ressurs for prosjektet. Det kan vere ein fordel at kommunen skriv eit støtteskriv for å vise at prosjektet også er forankra i kommunen, sidan kommunen forpliktar seg å bidra økonomisk i hovudprosjektperioden.
- Prosjektstyret forpliktar seg til å delta i LivOGLyst-nettverket og aktivitetane i programmet.
- Prosjekta skal levere ein enkel sluttrapport og rekneskap ved prosjektslutt.
Søknaden for forprosjekt skal
- gi ei god beskriving av lokalsamfunnet med utfordringar, moglegheiter, og ressursar å spele på
- sei litt om motivasjonen og bakgrunnen for å starte eit LivOGLyst-prosjekt
- vise at søknaden er forankra i lokalsamfunnet
- vise korleis ein har tenkt å involvere heile lokalsamfunnet og nå ulike mål- og aldersgrupper
- vise kva mobiliseringsaktivitetar ein ser for seg å arrangere
Hovudprosjekt
- Søkar må ha skriftleg stadfesting frå kommunen om eit økonomisk bidrag på 30 000 kr årleg (90 000 kr totalt), som blir overført direkte frå kommunen til prosjektet.
- I søknaden må hovudprosjektet beskrive kva de har kartlagt og korleis de har mobilisert lokalsamfunnet i forprosjektet. De skal også beskrive ein plan for aktivitetar, tiltak og vidare mobilisering i hovudprosjektet.
Søknaden for hovudprosjekt skal
- gi ei god beskriving av korleis ein har gjennomført mobilisering og involvering av innbyggarane og lokalsamfunnet (tal, metodikk, målgrupper)
- vise og beskrive aktivitetar, arrangement og tiltak i forprosjektet. Korleis har forprosjektet påverka lokalsamfunnet så lagt?
- beskrive kva tiltak, delprosjekt og felles mål lokalsamfunnet har prioritert og ønskjer å engasjere seg i vidare i hovudprosjektperioden
- sei litt om læring frå LivOGLyst-nettverket og kva ein tek med seg vidare
- plan for vidare organisering og korleis hovudprosjektet kan bidra til varig endring, auka tilhøyrsle og levande lokalsamfunn
- korleis skal prosjektet fortsette å mobilisere lokalsamfunnet og innbyggarane inn i hovudprosjektet
Dette kan ikkje få tilsegn
- Frivilligsentralar (men dei kan vere samarbeidspartnarar)
- Etablerte prosjekt eller ferdig utforma tiltak
- Store fysiske investeringar (tilskotet skal gå til aktivitetar, ikkje bygg eller anlegg)
- Drift av eksisterande tilbod