Høgtidleg utdeling av fagbrev i Førdehuset

Rundt 230 nye fagarbeidarar fekk utdelt fag-, sveine-, kompetanse- eller meisterbrevet sitt i Førde fredag 7. februar. Dette er ein festdag for fagarbeidarane, som gjerne har med seg familie til markeringa.

foto frå utdeling av meisterbrev
MEISTERBREV: Alle som tok fag-, sveine-, kompetanse- eller meisterbrev i Sogn og Fjordane i 2019, var inviterte til Førdehuset 7. februar. Her ser vi dei som tok imot meisterbrevet sitt. Foto: Ole Johnny Devik

– Det er kjekt med så stor interesse for dette, og at så mange deltek. Dette er ein merkedag for både fag- og yrkesopplæringa og for den enkelte fagarbeidar. Det er ei stadfesting på at dei har nådd ein viktig milepåle i utdanninga si, seier Bekka Skaasheim, assisterande fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland og tidlegare fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane.

Foto frå utdeling av fagbrev i helsearbeidarfaget
HELSEARBEIDAR: 29 fagarbeidarar tok imot fagbrevet sitt i helsearbeidarfaget under tilstellinga i Førdehuset. Foto: Ole Johnny Devik

HELSEARBEIDAR: 29 fagarbeidarar tok imot fagbrevet sitt i helsearbeidarfaget under tilstellinga i Førdehuset. Foto: Ole Johnny Devik

Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde lang tradisjon for å samle nye fagarbeidarar i fylket til utdeling av fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbrev ein gong i året. Samlinga i Førdehuset fredag var for alle som tok fagbrev i Sogn og Fjordane i løpet av 2019. 803 fagarbeidarar frå 63 ulike fag var inviterte til utdelinga.

Fagarbeidarane med følgje fylte heile Førdehuset denne fredagen. Det var servering av fingermat før sjølve utdelinga, og elevar frå musikklinja ved Firda vidaregåande skule stod for underhaldninga.

Bekka Skaasheim og leiar for yrkesopplæringsnemnda Vestland, Roger Pilskog, delte ut fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbreva.

Sjå foto frå fagbrevutdelinga på Flickr-kontoen vår.

Foto av band som spelar og syng
UNDERHALDNING: Musikkelevar frå Firda vidaregåande skule på Sandane stod for det musikalske innslaget på fagbrevutdelinga. Foto: Ole Johnny Devik

UNDERHALDNING: Musikkelevar frå Firda vidaregåande skule på Sandane stod for det musikalske innslaget på fagbrevutdelinga. Foto: Ole Johnny Devik