Søknad og inntak

Skal du søke deg inn til vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune er denne sida ein god stad å starte.

Webinar om 1.februar-inntaket

Velkommen til webinar for rådgjevarar i ungdomsskulane, dei vidaregåande skulane og rådgjevarar i rettleiingstenesta.

Tid: 29.november kl 10:00-13:00:

Stad: Teams. Bruk denne lenka: https://bit.ly/3DgJXHV

Innhald: Søknad om inntak med frist 1.februar

Inntaket 2023

Dersom du er busett i Vestland fylkeskommune kan du søke om vidaregåande opplæring hos oss.

Du må ha fullført norsk grunnskule eller tilsvarande for å kunne søke plass i Vg1 (første året i vidaregåande opplæring). Søkjer du Vg2 eller Vg3 må du ha bestått Vg1 eller Vg2.

vilbli.no kan du lese om dei ulike faga du kan velje mellom.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mars for ordinære søkjarar.

Søkjer du om fortrinnsrett, individuell behandling eller som minoritetsspråkleg søkjarar er søknadsfrist 1. februar

Ordinære søkjarar med ungdomsrett som ikkje har søkt innan fristen 1. mars, vil få 5 minuspoeng.

Du kan ta kontakt med Inntak på telefon 51 20 71 17 eller e-post: inntak@vlfk.no for å få tilsendt søknadsskjema.

Dersom det er tungtvegande grunnar for at søknaden blir sendt inn etter fristen, må du dokumentere dette.

Søkjarar utan ungdomsrett kan ikkje sende inn søknad etter fristen.

 

Ettersending av dokumentasjon

Dersom du skal ettersende dokumentasjon gjer du det ved å bruke det digitale skjemaet vårt.

Ettersending av eventuelt manglande dokumentasjon

Bruk skjemaet under dersom du skal ettersende manglande dokumentasjon.

Send inn manglande dokumentasjon

Informasjon mellom skular

Dersom skulen har informasjon som skal sendast vidare når eleven startar på ny skule kan ein bruke skjemaet under.

Informasjonsskjema (meldeskjema)

Skjemaet kan brukast i samband med overgang frå ein skule til ein annan. Frist for innsending er 1. juni.

Informasjonsskjema

Kombinasjonsklasse

Vi tilbyr grunnskuleopplæring gjennom kombinasjonsklasse. Kombinasjonsklassane skal førebu og kvalifisere elevane til å starte i vg1.

Dette er eit frivillig tilbod som kommunar i Vestland, som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen, kan la aktuelle deltakarar søkje på. 

Les meir om kombinasjonsklasse på sida vår for minoritetsspråklege

Søk kombinasjonsklasse

Kommunar som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen kan søkje inn elevar på dette tilbodet.

Til søknadskjema

Kombinasjonsklasse og ordinær vg1/innføringsklasse

Har du søkt både kombinasjonsklasse og ordinær vg1/innføringsklasse må du gi oss ei melding om kva du prioriterer. Dette gjer du i skjemaet under. Frist for å svare er seinast 25. mars.

Prioritere søknad

Fyll ut skjema

Melde flytting/Inntak i anna region

Dersom du skal flytte til eit anna inntaksområde eller flyttar til/med føresette til fylket vårt og skal søke vidaregåande opplæring hos oss må du fylle ut skjemaet under.

Melding om flytting

Til skjema

Meldeskjema 1.oktober

Meldinga frå kommunane til fylkeskommunen om elevar som søkjer fortrinnsrett etter §§ 6-15, 6-17 og 6-18 i forskrift til opplæringslova må vere sendt til oss innan 1. oktober. Kommunen må sørgje for samtykke frå elev/føresette før informasjonen blir sendt.

Spørsmål kan rettast til Petter Tønjum tlf. 97585981, Kjersti Monstad Vea tlf 57992334 og Laila Ulvestad tlf 96942964.

Meldeskjema

Meldeskjema for fortrinnsrett. Frist for innsending er 1. oktober

Fyll ut meldeskjema

Minoritetsspråkleg søkjar etter fristen

Vil du søke vidaregåande opplæring som minoritetsspråkleg etter søknadsfrist bruker du skjemaet under.

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Søknadsskjema

Omprioritering av søknad

Dersom du vil endre søkanden din til vidaregåande opplæring etter 1. mars kan du søke ved å sende inn skjemaet under.

Merk at det må då vere særlege grunnar som har oppstått etter søknadsfristen som gjer at du vil/må endre søknaden din.

Fristen for å søke er 1. juli.

Omprioritering av søknad

Dersom du er ukvalifisert til inntak på høgare nivå kan du endre søknaden din her innan 1. juli.

Søk omprioritering

Søknad om utvida rett

Du kan søke om:

  • utvida tid etter § 3-1, 5.ledd
  • utvida rett grunna t.d. sjukdom
  • kurs over to år

Hugs å legge ved dokumentasjon.

Søknad om utvida rett

Søknadsskjema

Vedleggsskjema ved søknad 1. februar

Alle som søkjer 1. februar må, i tillegg til å søkje i vigo, sende inn vedleggsskjema.

Vedlegg til søknad om inntak 1. februar

Vedlegg til søknad om inntak 1. februar

 

Elektronisk søknad finn du når du sender vedleggsskjema om inntak etter § 6-18. Her kryssar du av for søknad om butilbod.

Spørsmål om butilbodet kan rettast til Laila Ulvestad på telefon 96942964 eller Laila.Ulvestad@vlfk.no

Ungdomsrett

Ungdom som har gått på grunnskule eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til treårig vidaregåande opplæring. Ungdomsretten gjeld ut det skuleåret som begynner det året du fyller 24 år.

Fullføringsrett

Dette gjeld alle som ikkje lenger har ungdomsrett eller vaksenrett, men som har begynt på ei ny vidaregåande utdanning. Retten er ikkje tidsavgrensa.

Denne gruppa blir prioritert etter søkjarar med Ungdomsrett og Vaksenrett (det vil sei prioritet 3 i inntaket).

Rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra

Elevar som har rett til spesialundervisning har rett til inntil to år ekstra i vidaregåande opplæring når eleven treng dette for å kunne nå opplæringsmåla for den einskilde. Det er krav om sakkunnig vurdering frå rettleiingstenesta (PPT) før vi kan gjere vedtak om utvida tid.

Retten gjeld også for elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk, for elevar som har rett til opplæring i punktskrift, og for elevar med rett til særskild språkopplæring. For desse elevgruppene gjeld ikkje kravet om å oppfylle vilkåra for spesialundervisning.