Fann 2000 år gamle spor på Vossavangen
Arkeologane fann nesten 2000 år gamle spor då dei gjorde arkeologiske undersøkingar i Voss sentrum i sommar. Dei arkeologiske puslebitane gir eit meir utfyllande bilete av Vossavangen enn vi har hatt tidlegare.
Det var i området ved Olavskrossen at arkeologane Jostein Aksdal og Anders Strandheim Wahlborg i Vestland fylkeskommune fann anlegg frå førhistorisk tid.
– Det er ikkje uventa med arkeologiske funn når ein skal undersøke på Voss. Men at vi fekk så gode data ved Olavskrossen er spennande, sidan staden òg er knytt til hendingane i 1023 etter Kristus, då vossingane vart kristna av kong Olav Haraldsson, seier Aksdal om funna dei gjorde i juni.
Samanhengane viktige for vidare tolking
I parken ved Olavskrossen vart det grave tre sjakter med gravemaskin. Plenen er berre to dekar, men gav funn av spor etter menneske frå langt attende i tid. Arkeologane registrerer og dokumenterer det meste dei finn. Men like viktig som å finne spora, er å sjå korleis dei ligg i forhold til kvarandre, og å sjå dei i samanheng med det vi veit frå før.
– Det er desse samanhengane som er viktige, særleg for den vidare tolkinga, og særleg på denne staden der vi har sterk tilknyting til kongesagaen. På Voss dokumenterte vi fossile åkerlag, tufter og groper. Vi fann ein trekolgjødsla åker, som syner seg som kolsvarte lag i sjaktene. Denne er no tidfesta til romartida, til det første hundreåret etter Kristus, fortel Aksdal.
Arkeologane har også datert fleire av dei andre spora dei fann. Det er blant anna spor etter eit langhus, der ein av stolpane er datert til folkevandringstida frå 375 til 550 etter Kristus. Både vikingtida og mellomalderen er også representerte i funna.
Mange funn frå ulike tider
– Dateringar frå desse tidsperiodane er spennande, men å få til ei fornuftig tolking av dei er arbeidskrevjande og utfordrande. Vi ser at åkeren frå romartida har vore i bruk i lang tid, sannsynlegvis vel 1000 år. Det er grunn til å tru at ein slik åker har lege rimeleg nær eit eldre gardstun, seier Aksdal.
Langhuset frå folkevandringstida har stått der Olavskrossen seinare vart sett opp. Arkeologane fann ikkje noko eldstad i huset, noko som gjer at dei må tolke om kva funksjon det kan ha hatt. Anlegget frå vikingtida ligg også nært Olavskrossen og tek oss med i islendingsogene om hovdingen Viga-Glúm og morfaren hans Vigfus på Voss.
– Dette må vel ha vore fram imot midten av 900 talet. Men det stoppar ikkje der. Inn mot skulen og foreiningshuset Vonheim, kom vi over ei stakketuft. Dateringa av denne gav overraskande nok mellomalder. Det syner at området framleis er i bruk som åker inn i mellomalderen. På det vel to dekar store arealet finn vi såleis mange arkeologiske bitar av soga til Voss og Vangen til ulike tider, fortel arkeologen.
To bruksfasar i området
Dei arkeologiske resultata frå det avgrensa området rundt Vangskyrkja og no ved Olavskrossen viser to ulike bruksfasar. Området rundt gamle prestegarden og Vangskyrkja har vore i bruk frå mellomalderen og har ikkje mange spor etter eldre aktivitet.
– Vi kan difor tenkje oss at kristenlivet på Voss byrjar her. Området ved Olavskrossen vel 240 meter søraust for kyrkja har derimot fleire og langt eldre aktivitetsspor i undergrunnen, noko som syner at her har det vore aktivitet lenge før kristendomen kom til Noreg, seier Aksdal.
Alt heng saman med alt
Han meiner den nære historia til Vangen og gjenreising etter siste krig gjev små sjansar for å finne fleire arkeologiske spor å byggje vossehistoria på.
– Men kanskje peiker stadnamnet Tunshovden på eit gardstun frå jarnalderen i nærleiken. Det kunne jo vere gamle Vanginn, garden der Vigfus Kåreson ifølgje soga held til kring år 950 etter Kristus. For å bruke eit kjent sitat, så heng alt saman med alt. Så når vi har dateringar frå eldre jarnalder, vikingtid og mellomalder på eit lite område er dette spennande, men det må òg forklarast og setjast inn i ein større samanheng seier Aksdal.
Arkeologane i fylkeskommunen jobbar no vidare med funna på Voss, nettopp med tanke på forklaring og samanheng. Funna er automatisk freda og vert liggande under grastorva. Fylkeskommunen har ein god dialog med Voss herad, og ser på korleis vi kan få aktivisert kunnskapen vi no har rundt Olavskrossen.