Kva er arkeologiske kulturminne?

Arkeologi er alle fysiske spor etter menneskeleg aktivitet, men òg plassar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Arkeologiske kulturminne og gjenstandar frå før år 1537 er automatisk freda. Myntar frå før år 1650 er òg staten sin eigedom.

Kulturminna fortel oss om livet og levemåtane til menneska som levde her tidlegare. Nokre kulturminne er godt synlege i landskapet, som store gravrøyser. Andre viser ikkje på markoverflata i det heile, som til dømes buplassar frå steinalderen og spor etter hus og åkrar frå bronse- og jernalderen.

Svært mange spor av menneska i førhistorisk tid er enno ikkje kjende, og kvart nye funn gir oss ny kunnskap. Gjenstandar som dukkar opp tilfeldig utan tilknyting til eit fast kulturminne, er òg viktige.

Oversikt over registrerte kulturminne i fylket

nettportalen kulturminnesøk hjå Rikantikvaren  finn du kart med opplysningar om registrerte kulturminne i landskapet. Ei anna nyttig teneste er karttenesta fylkesatlas, der du kan hente inn fleire temakart om kulturminne. Det er mange arkeologiske kulturminne som enno ikkje er kjende eller registrerte.