Tilskot til utvikling av dei sirkulære hubbane i Grøn region Vestland
Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til vidareutvikling av dei sirkulære hubbane i perioden 2026–2028. Tilskotet skal styrkje samarbeidet i hubbane og føre prioriterte sirkulære initiativ nærare realisering.
Målet er å utvikle sirkulære verdikjeder og løysingar som kan gir betre ressursutnytting, reduserte utslepp, framtidsretta arbeidsplassar og varig regional verdiskaping. Utvikling av industrielle symbiosar mellom ulike bedrifter er ein viktig strategi i dette arbeidet.
Dei sirkulære hubbane, tidlegare kalla dei grøne hubbane i Vestlandsporteføljen, er langsiktige og strukturerte samarbeid mellom fleire bedrifter i eit geografisk avgrensa område. Bedriftene er kjernen og motor i samarbeidet. Eit velfungerande samarbeid krev ein dedikert fasilitator som legg til rette for samhandling, samordnar innsatsen på tvers av aktørar og bransjar og driv felles initiativ framover.
Dette er den tredje utlysinga retta mot hubbane i Grøn region Vestland, etter tildelingane i 2022 og 2024. Ordninga byggjer vidare på arbeidet som er gjort, og målet er at hubbane skal utvikle varige samarbeidsstrukturar og eit finansieringsgrunnlag som gjer dei økonomisk sjølvberande på sikt. Tilskotet skal difor utløyse større eigarskap og ressursinnsats frå bedriftene og bidra til å kople dei sirkulære initiativa til andre relevante verkemiddel, investorar og privat kapital. Aktivitetane som får støtte, skal gjennomførast innan utgangen av 2028.
Mål for ordninga
Tilskotet skal gå til utviklingsaktivitetar som styrkjer arbeidet i hubben og som fører prioriterte sirkulære initiativ vidare mot realisering. Aktivtetane skal gjennomførast innan utgangen av 2028, der målet er at hubbane innan den tid har:
- ei tydeleg og forankra organisering og fasilitatorfunksjon
- forpliktande deltaking og ressursinnsats frå bedriftene
- ei prioritert portefølje av sirkulære initiativ som er komne nærare realisering
- eit meir føreseieleg finansieringsgrunnlag, med større privat medverknad og mindre avhengigheit av offentlege prosjektmidlar.
Kven kan søkje?
Søknaden skal fremjast av aktøren som har ansvar for koordinering og fasilitering av hubben, på vegne av bedriftene i hubben. Søkjaren må dokumentere mandatet sitt og korleis søknaden er forankra hjå dei deltakande bedriftene.
For å vera kvalifisert for støtte må hubben, på søknadstidspunktet, oppfylle følgjande minstekrav:
- Samfunnspotensial
- Kjerneaktiviteten i hubben er lokalisert i eit geografisk område der nærleik og planavklart areal gir praktiske føresetnader for industriell aktivitet og deling av ressursar, energi og infrastruktur, også i samspel med aktørar utanfor hubben.
- Hubben skal ha identifisert og konkretisert industrielle symbiosar eller andre sirkulære tiltak som skal utviklast eller realiserast.
- Samarbeidet har eit konkret potensial for betre ressursutnytting og reduserte utslepp, samanlikna med isolert drift.
- Gjennom samarbeid og betre ressursutnytting skal hubben bidra til utsleppskutt, innovasjon og utvikling av arbeidsplassar som gjev auka attraktivitet samt nasjonal og internasjonal konkurransekraft over tid.
- Forankring og forplikting
- Deltakinga i hubben er forankra hjå leiing eller eigarar i dei deltakande bedriftene.
- Deltakarane har lagt til rette for samarbeid over tid gjennom felles arenaer, arbeidsformer og avtalar som gir rom for utvikling, prioritering og justering i takt med endra behov og føresetnader.
- Hubben er forankra i vertskommunen, hjå grunneigar og andre relevante aktørar, og arbeider aktivt med areal- og planforhold for å leggje til rette for sirkulær utvikling.
- Organisering og modenheit
- Hubben har ein tydeleg samarbeidsmodell med avklarte roller, ansvar og beslutningsstruktur.
- Hubben har ein dedikert fasilitator med avklart mandat og ressursar, som fungerer som eitt fast kontaktpunkt og koordinerer intern og ekstern samhandling.
- Hubben har arbeidsform, kapasitet og kompetanse til å utvikle og realisere prioriterte tiltak.
Kva kan de søkje støtte til?
Det kan søkjast støtte til tidsavgrensa utviklingsaktivitetar som styrkjer huborganiseringa og fasilitatorfunksjonen, og som fører prioriterte sirkulære initiativ vidare. Det kan mellom anna vere:
- fasilitering og koordinering som er nødvendig for å utvikle hubben
- utvikling og oppfølging av industrielle symbiosar og sirkulære verdikjeder
- utvikling av samarbeids-, forretnings-, drifts- og finansieringsmodellar
- utarbeiding av prosjektgrunnlag, investeringsgrunnlag og gjennomføringsplanar for felles sirkulære initiaitv
- avklaring av kritiske suksessfaktorar innan areal, energi, infrastruktur, teknologi, finansiering og regelverk, og arbeid med løysingar knytt til dette
- mobilisering og forplikting av bedrifter, investorar og relevante verkemiddelaktørar
- målretta kompetansebygging som er nødvendig for vidare utvikling og realisering
- dokumentasjon av forventa klima-, ressurs- og verdiskapingseffektar
Søknaden må vise korleis aktivitetane heng saman med behova i hubben og kva dei skal føre til. Aktivitetane må vere gjennomførte innan utgangen av 2028.
Dette støttar vi ikkje
Vi gir ikkje tilskot til:
- Arbeid som tidlegare hubmidlar har finansiert. Dei same aktivitetane eller kostnadene kan ikkje få støtte på nytt. Søknaden kan byggje på arbeid frå 2022- eller 2024-runden, men må vise kva som er oppnådd, og kva nye steg og resultat tilskotet skal bidra til.
- Aktivitetar som fell inn under andre ordningar i Vestland fylkeskommune. Dette gjeld både aktivitetar som alt har fått støtte frå ei anna fylkeskommunal ordning, og aktivitetar som etter føremålet bør søkjast finansiert gjennom andre ordningar.
- Aktivitetar som fell inn under andre verkemiddelaktørar eller sjølvstendige bedriftsprosjekt. Aktivitetar som vert omfatta av ordningar hjå andre verkemiddelaktørar fell ikkje under denne ordninga. Det vert heller ikkje gitt direkte støtte til etablering, drift eller utvikling av enkeltbedrifter.
- Aktivitetar som er starta opp eller gjennomførte før vedtak om tilskot. Tilskotet skal ha utløysande effekt, og det kan ikkje blir gitt støtte til aktivitetar som er starta opp eller gjennomførte før vedtak om tildeling.
- Generell drift og lovpålagde oppgåver. Vi gir ikkje støtte til ordinære driftsoppgåver hjå søkjaren eller samarbeidspartnarane som fell utanfor fasilitatorarbeidet som skal gjerast i prosjektperioden. Lovpålagde oppgåver blir heller ikkje dekte.
- Fysiske investeringar og finansielle utgifter. Vi dekkjer ikkje kjøp av maskiner og utstyr, bygging av anlegg, kausjon eller garantiar, renter og avdrag på lån eller refinansiering.
- Generell deltaking på messer, konferansar og arrangement. Slik deltaking får normalt ikkje støtte. Samlingar som er nødvendige for det konkrete utviklingsarbeidet i hubben, kan inngå.
Andre prosjekt og finansieringskjelder kan gjerne utfylle arbeidet det blir søkt støtte til. Søknaden må då vise kva aktivitetar som høyrer til dei ulike prosjekta, slik at dei same kostnadene ikkje blir finansierte fleire gonger.
Budsjett, medfinansiering og eigeninnsats
Prosjektet må ha eit aktivitetsbasert budsjett og ein fullstendig finansieringsplan ved søknadstidspunktet. Budsjettet skal vise kva aktivitetane er estimert til å koste, kven som skal gjennomføre dei, og korleis dei skal finansierast. Samla kostnader og samla finansiering må vere like store.
Minst 50 prosent av prosjektkostnadene må finansierast frå andre kjelder enn Vestland fylkeskommune. Medfinansieringa kan vere eigne midlar, dokumentert eigeninnsats, bidrag frå samarbeidspartnarar eller andre finansieringskjelder. Finansieringsplanen skal vise kven som bidreg, med kva beløp, og korleis bidraga er dokumenterte.
Ved budsjettering og rapportering av personalkostnader og eigeninnsats skal fylkeskommunen sine retningslinjer for føring av personalkostnader og eigenfinansiering leggjast til grunn. Godkjend timesats er inntil 1 promille av nominell brutto årsløn, avgrensa til 1 500 kroner per time og 1 850 timar per år. Arbeidstimar må dokumenterast.
Statsstøtte
Midla skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61 (1). Både private og offentlege aktørar kan vere omfatta av dette regelverket.
Regelverket inneheld nærmare reglar om kva slags aktivitetar som kan støttast, kva type kostnadar knytt til desse aktivitetane som kan dekkast og kva som er maksimal støttegrad.Dei alminnelege gruppeunntaka (GBER) og bagatellmessig støtte er dei relevante heimelsgrunnlaga for denne tilskotsordninga.
Bagatellmessig støtte vil bli nytta der det ikkje er relevante gruppeunntak, og vil truleg vera det einaste alternativ for dei fleste søkjarane til denne ordninga. Vi ber derfor vi alle søkjarar fylle ut obligatorisk vedlegg om bagatellmessig støtte.
Krav til søknaden
Søknaden skal sendast gjennom Regionalforvaltning.no innan søknadsfristen. Heile søknadsskjemaet må vere fylt ut, og obligatoriske vedlegg må vere lagde ved. Vesentleg informasjon skal gå fram av søknadsskjemaet. Vedlegga skal dokumentere eller utdjupe opplysningane i skjemaet.
Det er viktig å sjå til vurderingskriteria i punktet Slik vurderer vi søknadane nedafor, og syte for at ein har svart ut dei relevante vurderingsmomenta der.
Overordna må søknaden gjere greie for:
- korleis hubben oppfyller minstekrava, og korleis samarbeidet er organisert og forankra
- mandatet til søkjaren og fasilitatoren, og kva roller samarbeidspartnarane skal ha
- status for dei prioriterte industrielle symbiosane eller andre sirkulære initiativ
- dei viktigaste barrierane, og kva utviklingssteg som skal takast i prosjektperioden
- aktivitetar, ansvar, framdrift og milepælar fram til utgangen av 2028
- resultatmål: kva som konkret skal vere oppnådd gjennom prosjektet innan 2028
- forventa konkrete effektar: kva vidare verknader dei prioriterte initiativa kan gi for ressursbruk, utslepp, arbeidsplassar og verdiskaping
- eit aktivitetsbasert budsjett, dokumentert medfinansiering og ein plan for eit meir føreseieleg finansieringsgrunnlag for hubarbeidet
- andre tilskot og prosjekt som er relevante for aktivitetane det blir søkt støtte til.
Forventa effektar bør underbyggjast med estimat eller annan dokumentasjon så langt det er mogleg. Søknaden bør òg vise korleis erfaringar og resultat skal delast med andre. Søknader som ikkje oppfyller formalkrava eller minstekrava for ordninga, kan bli avviste.
Slik vurderer vi søknadane
For dei som oppfyller minstekrava lista opp i punktet Kven kan søkje, vil søknadane bli vurdert av eit fagpanel med utgangspunkt i føljande fire kriterium:
- Samfunnspotensial og samfunnsnytte
- Vidare utvikling og realisering
- Modenheit og gjennomføringsevne
- Samarbeid, læring og overføringsverdi
Panelet gjer ei samla vurdering av kvaliteten i søknaden og kor godt prosjektet svarer på føremålet med ordninga. Det vert lagt vekt på at søknaden har god kvalitet på tvers av kriteria, og at styrke på eitt område ikkje fullt ut kan kompensere for vesentlege svakheiter på eit anna. Det skal vere ein tydeleg samanheng mellom utfordringane huben skal bidra til å løyse, aktivitetane det vert søkt støtte til, resultata som skal vere oppnådde i prosjektperioden og planen for vidare utvikling og finansiering.
Ved behov kan fylkeskommunen be om avklaringar eller invitere søkjaren til ein samtale om søknaden. Det vert ikkje høve til å endre søknaden, men å gje supplerande opplysningar som ikkje er vesentlege. Eventuelle supplerande opplysningar som blir lagde til grunn for vurderinga, skal dokumenterast skriftleg.
Utfyllande informasjon om dei enkelte kriteria
- Samfunnspotensial og samfunnsnytte
Det vert lagt vekt på forventa gevinstar frå huben og dei prioriterte sirkulære initiativa. Vurderinga skal ta utgangspunkt i kva konkrete samfunns- og næringsmessige effektar initiativa kan gi dersom dei vert realiserte.
Det vert særleg vurdert potensial for:
- meir effektiv og sirkulær ressursbruk
- betre energiutnytting
- smartare arealbruk og betre utnytting av eksisterande infrastruktur
- utsleppskutt, innovasjon og utvikling av arbeidsplassar som gjev auka attraktivitet samt nasjonal og internasjonal konkurransekraft over tid. .
Søkjar skal synleggjere kva konkrete symbiosar eller sirkulære tiltak som er prioriterte, kva utfordringar dei skal bidra til å løyse, og kva forventa effektar dei kan gje. Så langt det er mogleg, bør effektane underbyggjast med estimat eller anna dokumentasjon.
- Vidare utvikling og realisering
Det vert lagt vekt på kva tilskotsmidlane konkret skal bidra til i den vidare utviklinga av huben, og kva som skal vere oppnådd ved utgangen av prosjektperioden.
Søkjar skal skildre utgangspunktet ved prosjektstart, dei viktigaste barrierane for vidare framdrift, kva steg som skal takast i prosjektperioden og kva resultat som skal vere oppnådde ved prosjektslutt.
Det vert særleg vurdert om støtta kan bidra til å:
- utvikle identifiserte symbiosar og sirkulære initiativ vidare mot realisering
- samle og prioritere enkeltinitiativ i ein meir heilskapleg prosjektportefølje
- styrkje samarbeid, eigarskap og forplikting mellom aktørane
- avklare kritiske forhold knytt til mellom anna finansiering, areal, energi, infrastruktur eller regelverk
- utvikle eit meir føreseieleg finansieringsgrunnlag og auke privat medverknad
- gjere konkrete prosjekt klare for relevante bedriftsretta verkemiddel, privat kapital eller investering.
- Modenheit og gjennomføringsevne
Det vert lagt vekt på om hubben har tilstrekkeleg forankring, organisering og kapasitet til å gjennomføre prosjektet og føre utviklinga vidare etter prosjektperioden. I vurderinga vil sterk og forpliktande medverknad frå bedrifter og andre private aktørar bli tillagd særleg vekt.
Det vert særleg vurdert om:
- hubben har ei tydeleg og forankra organisering, med klare roller, ansvar og mandat for fasilitatorfunksjonen
- bedriftene og andre sentrale aktørar er forplikta gjennom medfinansiering, avtalar, ressursinnsats eller andre konkrete bidrag
- hubben har konkrete symbiosar og prosjekt som er komne langt i utviklinga og inngår i ein samla plan for vidare realisering
- hubben har ein realistisk plan for korleis finansieringa av hubarbeidet skal utviklast i prosjektperioden, med mål om eit meir føreseieleg finansieringsgrunnlag og aukande privat medverknad
- hubben har evne til å kople på relevante verkemiddel, kapital, kompetanse og nettverk.
Finansiering og maksimalt støttebeløp
Den samla ramma for ordninga er 10 millionar kroner. Maksimalt støttebeløp per prosjekt er 1 million kroner.
Søknader som oppfyller minstekrava ovanfor, jf. punktet Kven kan søkje? blir vurderte av eit fagpanel. Kriteria for denne vurderinga er utdjupa i punktet Slik vurderer vi søknadane.
Dersom det ikkje er tilstrekkelege midlar til alle prosjekta, vil fylkesdirektøren prioritere søknadane etter poengsummen frå fagpanelet. Det kan innebere at ikkje alle søknadene vil nå opp i konkurransen om midlane.
Det kan også vera aktuelt å ikkje gje full støtte til eit prosjekt, men ei delvis tildeling. Søknaden skal derfor oppgi minste tilskotsbeløp for delvis gjennomføring, og spesifisere kva aktivitetar som kan gjennomførast og kva det vil bety for resultata.
Oppfølging, rapportering og innsyn
Vilkår for gjennomføring, utbetaling og rapportering vil gå fram av tilsegnsbrevet. Tilskotet skal nyttast til godkjende aktivitetar i den perioden som er fastsett der, og det vil bli stilt krav om rapportering undervegs i prosjektperioden. Større endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Erfaringane frå prosjekta skal også nyttast i det vidare arbeidet med å utvikle verkemiddel, finansieringsmodellar og oppfølging av dei grøne hubbane etter at Grøn region Vestland sin noverande prosjektperiode vert avslutta 31. desember 2028.
Mottakarane må vere villige til å dele relevante erfaringar og resultat frå utviklingsarbeidet. Søknader til Vestland fylkeskommune er i utgangspunktet offentlege dokument. Eventuelle opplysningar som ikkje er offentlege bør ein unngå. Dersom dette likevel er nødvendig for søknaden, må slike opplysningar merkast særskilt unntak skal vurderast konkret av fylkeskommunen.