Utlysing av bedriftsintern opplæring (BIO) 2026

Vestland fylkeskommune lyser ut 5 225 000 kroner til bedriftsintern opplæring (BIO) 2026, i tråd med vedtak i hovudutval for næring.

Føremål

BIO-ordninga skal bidra til målretta og tidsavgrensa kompetanseheving i næringslivet i Vestland, slik at verksemdene kan gjennomføre nødvendig omstilling og styrkje si konkurransekraft.

I 2026 blir midlane retta mot

  1. grøn omstilling
  2. inkludering
  3. forsvar og beredskap

Det er løpande søknadsfrist så lenge det er midlar att i ordninga.

Kven kan søkje?

  • Det er berre bedrifter som kan søkje.
  • Bedrifta må vere minst to år gammal.
  • Tilskotet må gå til opplæring av tilsette med arbeidsstad i Vestland.
  • Verksemder som har fått tildelt midlar dei tre føregåande åra vil ikkje bli prioriterte.
  • Bedrifter kan ikkje delta i fleire BIO-finansierte prosjekt samstundes.

Hovudkrav til søknad

Det må liggje eit konkret prosjekt til grunn for søknaden.

Opplæringstiltaket må:

  • vere ekstraordinært (ikkje del av ordinær drift)
  • ha ein tidsplan på under 26 veker
  • vere godt grunngjeve
  • ikkje starte før eventuell tilsegn er gitt
  • bidra til FN sine berekraftsmål
  • bidra til regional plan for berekraftig verdiskaping

Opplæring som er lovpålagt eller del av ordinær drift kan ikkje støttast.

Tematiske prioriteringar 2026

1. Grøn omstilling

Tiltak som styrkjer kompetanse knytt til:

  • energieffektivisering og fornybar energi
  • reduksjon av utslepp og ressursbruk
  • sirkulær økonomi
  • utvikling av berekraftige produkt og produksjonsløysingar
  • omstilling til nye grøne marknader

Målet er å styrkje berekraftig verdiskaping og konkurransekraft i regionen.

 2. Inkludering

Tiltak som bidreg til stabil deltaking i arbeidslivet og betre arbeidsmiljø, til dømes:

  • arbeidsretta språkopplæring
  • kultur- og mangfaldskompetanse
  • opplæring i helse, miljø og tryggleik i fleirkulturelle arbeidsmiljø
  • kompetanse knytt til psykisk helse og førebygging av utanforskap

Ordninga skal ikkje overlappe verkemiddel i Nav.

 3. Forsvar og beredskap

Tiltak som styrkjer verksemda si rolle i beredskap og totalforsvar, til dømes:

  • innsikt i leverandørkrav frå forsvarssektoren
  • utvikling av forsvarsrelevante produkt og teknologi
  • fysisk og digital tryggleik
  • krisehandtering og kontinuitetsplanlegginghg

Satsinga skal bidra til både styrkt samfunnstryggleik og auka konkurransekraft.

Satsar og finansiering 

  • Maksimal støtte per søknad: 250 000 kroner 
  • Maksimalt 40 000 kroner per deltakar

Krav om egenfinansiering: 

  • 30 prosent for små bedrifter
  • 40 prosent for mellomstore bedrifter 
  • 50 prosent for store bedrifter

Vurdering og avgjerd

Søknader blir handsama fortløpande så lenge det er midlar att. Ved vurdering blir det lagt vekt på:  

  • om tiltaket oppfyller krava i utlysinga
  • kor godt behovet for kompetanseheving er dokumentert  
  • relevans for omstilling og utvikling i verksemda

Direktør for næring, plan og innovasjon tek endeleg avgjerd. 

Tidlegare tildelingar 

Her finn de oversikt over tildelte midlar i BIO-ordninga til og med 2025:

  • Bedrifter kan søke om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.
  • Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det stå kva for bedrifter som skal delta.
  • Søkar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland.
  • Kurshaldar/kursavgift 
  • Lønskostnader i planlegging og gjennomføring av opplæringa
  • Innkjøp av kursmateriell og avskriving på utstyr knytt til opplæringa
  • Reisekostnader dersom det ikkje er lokale tilbod 

BIO-midlane er ikkje lenger gitt som bagatellmessig støtte, men som eit tilskot under EØS-regelverket for førehandsgodkjente tilskot (gruppeunntak/GBER).

Prosjektrapportering

Så snart som mulig etter prosjektavslutning (etter sluttdato) og senest innen 14 dager, skal tilskuddsmottaker be om sluttutbetaling og fylle ut slutt- og kostnadsrapport gjennom www.regionalforvaltning.no.

Rapport i www.regionalforvaltning.no og signert sluttregnskap gir formelt grunnlag for utbetaling. Sluttrekneskapet skal handsamast av prosjektleiing  og godkjennast av prosjekteigar med digital signering.

Når de skal avslutte prosjektet er det fleire ting de skal gjere:

  1. Fylle ut slutt- og kostnadsrapport gjennom www.regionalforvaltning.no.

  2. Fylle ut regnskapsrapportskjema. lenke til skjema: https://skjema.vlfk.no/naeringsutvikling/tilskot/innovasjon_naringsutvikling.

  3. Generelt informasjon til tilskotmottakar finn du her : Informasjon til tilskotsmottakar - Vestland fylkeskommune
  • Grøn omstilling: Grøn omstilling betyr at produksjon, tenester og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er meir berekraftig for miljø og klima, og i tråd med FN sine berekraftsmål.
  • Sirkulær økonomi: Sirkulær økonomi er eit system som bygger på prinsipp frå sirkulære kretsløp i naturen. Det har som utgangspunkt at alle ressursar har ein bruk, og at det dermed ikkje vil skape avfall. Produkt er designa for å kunne gjenbrukast.
  • Ekstraordinær opplæring = Opplæring i samband med innføring av noko nytt i verksemda, eller ei “eingongsinvestering” i overføring av kompetanse mellom tilsette. Grunnleggjande opplæring eller opplæring i verktøy som ikkje er spesifikke for bedrifta eller bransjen (som til dømes bruk av video/fildelingsverktøy) er ikkje rekna som ekstraordinær opplæring. Unnatak kan gjerast dersom opplæringa er spesialtilpassa oppgåver/fagområde som er krevjande å digitalisere. Eigenstudium er berre aktuelt dersom andre former for opplæring ikkje er mogleg.  
  • Bedrifter: Ei eining, uavhengig av juridiske form, som utøver ei økonomisk verksemd. Bedrifta skal vere i konkurransesituasjon og ikkje ta imot offentleg driftsstøtte. Bedrifter kan søkje saman dersom kompetansetiltaket er felles. Ein av dei samarbeidande bedriftene må stå som ansvarleg søkjar på vegne av fellesskapet. På grunn av reglane om samla stønad til bedrifter, vil søknader frå same konsern (mor/dotter) bli vurdert samla når det gjeld tildeling av stønad. Stiftingar kan søkje dersom dei er næringsdrivande. Stiftingar med lågare del eigengenerert inntekter (kommersielle inntekter, ikkje offentlege tilskot eller private gåver) enn 2/3, blir ikkje sett på som å drive «næringsverksemd» i stiftingsloven si tyding og kan ikkje søkje.
  • Små bedrifter = Mindre enn 50 årsverk og omsetning som ikkje overstig EUR 10 mill. eller ein balanse som ikkje overstig EUR 10 mill. (bedrifta kan overstige éin av verdiane for omsetnad eller balanse, men ikkje begge).
  • Mellomstore bedrifter = Mindre enn 250 årsverk og ein årleg omsetnad som ikkje overstig EUR 50 mill. eller ein balanse som ikkje overstig EUR 43 mill. (bedrifta kan overstige éin av verdiane for omsetnad eller balanse, men ikkje begge).
  • Kostnadsplan = Eit budsjett der du fyller inn aktuelle utgifter til opplæringa. Til dømes; lønsutgifter og avgift til ekstern kurshaldar. Dette summerer seg til opplæringstiltakets totalkostnad, og alle kostnader i kostnadsplanen skal dokumenterast i etterkant.
  • Finansieringsplan = Ein plan der du legg inn summen du søkjer om, og summen du skal dekke sjølv (eigendelen). Finansieringsplanen skal summere seg til totalkostnaden.
  • Eigendel/eigenfinansiering = Den delen av totalbudsjettet for tiltaket som søkjar skal dekke. Eigendelen må ikkje vere i likvide midlar, men kan vere lønskostnader.
  • Lønskostnader = Alle timar for personalkostnader som inngår i prosjektrekneskapet, skal vere rapportert inn og dokumentert i den attesterte reknseskapen til revisor/rekneskapsførar  og i eigenerklæringa til bedrifta  i www.regionalforvaltning.no. Godkjent fast timesats er inntil 1,2 promille av reell årsløn, men avgrensa til kr 700 pr time. For innehavar sin arbeidsinnsats i enkeltpersonføretak og deltakarane sitt utførte arbeid i ANS og DA er maksimalsats på 350 kr/t godkjent.

Kan eg starte opplæringa før eg har fått svar på søknaden?

Nei, det er eit krav om at opplæringstiltaket ikkje startar opp før etter at du har fått svar på søknaden.

Kva tid får eg svar på søknaden?

Vi jobbar for å gi deg svar så raskt som vi kan, men du må rekne med at det kan ta 3-4 veker. 

Vi har gjort endringar i prosjektplan etter tilsagn, må vi ha godkjenning for endringar i prosjektet?

Ja. Alle endringar i prosjektet må meldast til kontaktperson i fylkeskommunen. Større endringar i prosjektplan, derunder endringar i budsjett eller finansieringsplan, skal etter søknad frå tilskotsmottakar godkjennast av fylkeskommunen. Søknaden må vere signert av prosjekteigar.