Søk tilskot til læreplassgaranti

Vi lyser ut midlar til læreplassgaranti for å sikre god balanse mellom tilbod og etterspurnad av læreplassar i Vestland.

Fylkestinget har i år sett av 1,4 millionar kroner til prosjekt med mål om læreplassgaranti. Kriteria for utlysinga er vedteke i hovudutval for næring

Prosjektet må oppfylle minst eitt av tre føremål 

  • Jobbe for læreplassgaranti i regionen eller ved ein eller fleire skular i regionen. 
  • Nytte læreplassgarantien til å marknadsføre skulane for å rekruttere fleire elevar/lærlingar. 
  • Ha andre tiltak som kan vere med å sikre ein god balanse mellom tilbod og etterspurnad av læreplassar.

I tillegg må prosjektet det søkast om støtte til oppfylle følgjande krav: 

Kven kan søke?  

Kommunar, opplæringskontor, kunnskapsmiljø, vidaregåande skuler, medlemsorganisasjonar, klynge- og bransjeorganisasjonar og andre utviklingsaktørar i Vestland kan søke på ordninga.  

Hovudkrav til søknaden: 

  • Prosjektet skal bidra til å skape fleire læreplassar i fylket, betre koplinga mellom potensielle lærlingar og/eller lærekandidatar og læreplassar, eller til å rekruttere fleire lærlingar og lærekandidatar der det er fleire læreplassar enn søkjarar. Søknaden skal tydeleg beskrive korleis prosjektet eller tiltaket oppnår dette.  
  • Prosjekt som bidreg til å redusere utanforskapen i fylket vil bli prioritert. Døme på dette er tiltak retta inn mot dei svakaste elevane som ikkje får læreplass sjølv om det er ledige plassar.  
  • Prosjektet skal bidra til at Vestland når FN sine berekraftsmål.  
  • Prosjektet skal bidra til å oppnå eitt eller fleire mål formulert i Berekraftig Verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling med handlingsprogram 2022-2025.  

Andre vilkårtil søknaden:  

  • Det krev ein eigeninnsats på 10 prosent. Denne treng ikkje være i form av friske midlar, men kan komme frå til dømes arbeidstimar. 
  • Inntil 75 prosent av tilskotet kan utbetalast straks ved tilsegn om støtte. Sluttutbetaling av resterande 25 prosent kan skje etter innsendt sluttrapport og godkjent rekneskap. 
  • Prosjektet må ha ein sluttdato innan eit år frå startdato. 

Avgrensingar:  

  • Søkjar må vere lokalisert i Vestland og prosjektet eller tiltaket skal finne stad i Vestland.   

Vurdering og avgjerd:  

  • Midlane blir lyste ut hausten 2024. Siste frist for innsending av søknad er 10. november 2024.  
  • I vurdering av søknadane legg vi vekt på at søkjarar skal svare ut hovudkrava i utlysinga. Det blir vektlagt kor godt samsvar det er mellom aktivitetane i prosjektet eller tiltaket og målsettinga(ne).  
  • Prosjekt som bidreg til å redusere utanforskapen i fylket vil bli prioritert.  
  • Avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon tek endeleg avgjerd.