Tilskot til forprosjekt for nye utdanningstilbod

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar for 2024 til Forprosjekt - Nye utdanningstilbod som ein del av FORREGION Vestland. Denne utlysinga har løpande søknadsfrist.

Føremål

Føremålet med utlysinga er å støtte utviklinga av nye utdanningstilbod som er særleg relevante for arbeidslivet i Vestland. Dette inkluderer både næringslivet og offentleg sektor, og prosjekta som får støtte skal enten danne grunnlag for nye utdanningstilbod i Vestland eller kvalifisere prosjekt til nasjonale utlysingar.

Målgruppe

Målgruppa for utlysinga er høgare utdanningsinstitusjonar, inkludert høgare yrkesfagleg utdanning. Prosjekta må gjennomførast i samarbeid med arbeidslivet for å sikre at utdanningstilboda møter reelle kompetansebehov.  Samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og med studiesentera i Vestland vil bli vurdert som positivt der det er føremålstenleg.

Maksimal søknadssum per prosjekt er sett til 400 000 kroner, og det er krav om 50 prosent eigenfinansiering av totalkostnadene.

Søknadskrav

  • Søknadene må vere frå høgare utdanningsinstitusjonar.
  • Prosjekta skal gjennomførast i samarbeid med arbeidslivet.
  • Tilboda skal møte kompetansebehov i arbeidslivet.
  • Prosjekta må vere lokalisert i distriktsområde eller mobilisere deltaking i distriktsområde dersom tilbodet er digitalt eller samlingsbasert.
  • Prosjekta kan ikkje starte før vedtak om støtte

Aktivitet som kan få støtte

  • Utgreiing av innhaldet i nye utdanningstilbod.
  • Samarbeid mellom utdanningstilbydarar og arbeidslivet, inkludert prosjektleiing og dialogmøte.

Avgrensingar

Forprosjektmidlane kan ikkje brukast til:

  • Drift av nye tilbod.
  • Marknadsføring av eksisterande utdanningstilbod.
  • Utvikling av utdanningstilbod som er ein del av obligatorisk opplæring.
  • Vidareutdanning som er pålagt av nasjonale myndigheiter.

Søknadsprosess

Søknadsfristen er løpande, og søknader vert handsama så lenge det er midlar att i ordninga. Søknadene vert vurderte ut frå korleis dei oppfyller hovudkrava, arbeidslivet sine behov, geografisk nedslagsfelt, og samarbeid.

Kontaktperson

For meir informasjon, kontakt fagansvarleg for kompetanse Kristin Iversen, seksjon forsking, kompetanse og internasjonalisering, avdeling næring, plan og innovasjon. Avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon har fått tildelt fullmakt til å tildele midlane ut frå dei fastsette kriteria.

Vestland fylkeskommune oppmodar alle relevante høgare utdanningsinstitusjonar til å søke om midlar til forprosjekt som kan bidra til å styrke kompetanseutviklinga og møte arbeidslivet sine behov i distrikta.

Øvre søknadssum: 400 000 kroner per prosjekt.