Regional kompetansepolitikk
Fylkeskommunane sitt kompetansepolitiske ansvar og samordningsrolle er styrka. Eit viktig mål er å sikre betre tilgang på arbeidskraft som møter behovet i den regionale arbeidsmarknaden og vidareutvikle kompetansen til dei som er i arbeid. I tillegg er det eit behov for å skape fleire kompetansearbeidsplassar i heile fylket. Innbyggjarane treng karrierekompetanse for å handtere utfordringar knytt til det å velje utdanning, finne arbeid, vere i arbeid og skifte arbeid. Dette vil gjere Vestland betre i stand til å møte utfordringar knytt til omstilling og behovet for grøn vekst.
Strategiar for det regionale kompetansearbeidet i Vestland
- Tett samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og utdanningsinstitusjonane for å sikre god balanse mellom tilbod og etterspurnad etter kompetanse og arbeidskraft
- Koordinere arenaer og aktivitetar knytt til utvikling av kompetanse og karriererettleiing i regionen
- Sikre eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om noverande og framtidig kompetansebehov i arbeidslivet
- Ta i bruk alle ressursane i befolkninga, t.d. innvandrarar og ungdomar som har falle ut av vidaregåande skule og arbeidslivet.