Eit kunnskapsgrunnlag for kompetanse i arbeidslivet i Vestland
I tillegg til nasjonale utviklingstrekk er kunnskap om regionale forhold viktig.
Vi har her satt saman statistikk som beskriv tilgangen på kompetanse i kommunar og regionar i Vestland. Denne informasjonen er samla i eit knippe interaktive temarapportar basert på data frå mellom anna SSB, Nav Vestland og direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og ligg tilgjengeleg under.
Statistikkutvalet til Kompetanseforum Vestland er ansvarlege for dette kunnskapsgrunnlaget. Statistikkutvalet blir leia av Vestland fylkeskommune og består av representantar frå Nav Vestland og Vestland fylkeskommune.
Har du spørsmål til innhald i rapportane eller ønskjer hjelp til å hente ut relevant informasjon kan du ta kontakt med nikolai.foss@vlfk.no.
Tal og figurar internt i dei forskjellige rapportane snakkar med kvarandre. Ikkje nøl med å klikke deg rundt for å filtrere på kommune, kjønn eller aldersgruppe der det er mogleg. Du kan alltid tilbakestille alle filterval ved å klikke på pilen oppe i høgre hjørne.
Temaa for rapportane er arbeidsstyrken i Vestland, arbeidsmarknaden, svak tilknyting til arbeidslivet, og tilgang på formell kompetanse.
Arbeidsstyrken i Vestland
Vi ser her på arbeidsstyrken i Vestland, dvs. alle dei som enten har ein jobb eller som aktivt søkjer arbeid, og på viktige indikatorar for denne. Spesifikt ser vi på alderssamansetning i befolkninga, på utviklinga i andelen sysselsatte i som jobbar heltid og deltid, og på utdanningsnivået til dei sysselsette. Vi ser også på alderssamansetninga, og utviklinga i denne, for ulike yrkesgrupper. Vi kjem tilbake til både demografiske utviklingstrekk og tilgang på arbeidskraft etter utdanningsnivå og -type.
Kva med dei som ikkje deltek i arbeidsstyrken?
Ikkje alle deltek i arbeidsstyrken. I denne temarapporten finn du tal for og utviklingstrekk ved ulike ikkje-sysselsette befolkningsgrupper som til dømes arbeidsledige, deltakarar på arbeidsmarknadstiltak og uføretrygda.