Kompetanseforum Vestland

Fylkeskommunen leiar arbeidet med Kompetanseforum Vestland som er samarbeidsorganet for kompetansearbeid i regionen.

I Kompetanseforum Vestland sit leiarane av dei største utdanningsinstitusjonane i Vestland, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Fagskolen Vestland, Opplæringsdirektøren i Vestland fylkeskommune, partane i arbeidslivet representert ved NHO, LO og KS, NAV og Helse Vest.

Kavart år har Kompetanseforum Vestland eit stormøte det neste møtet er planlagt oktober i 2025. 

I tillegg til Kompetanseforum Vestland er samarbeidsmodellen for regionalt kompetansearbeid i regionen sett saman av kompetanseforum i regionane i fylket og kontaktpunkt for sentrale bransjar:

 

 

Kompetanseforum Nordhordland

Leia av Nordhordland næringslag, ved Beate S. Korsøen

Kompetanseforum Sunnhordland

Leia av samarbeidsrådet for Sunnhordland, ved Tora Haslum Myklebust

Kompetanseforum Hardanger/Voss

Leia av Hardangerrådet, ved Trude Rinaldo

Kompetanseforum Sogn

Leia av Sogn regionråd, ved Karina Nerland

Kompetanseforum Fjordane (Nordfjord/Sunnfjord/Hafs)

Leia av Norfjordrådet, ved Elisabeth Birkeland Hatlenes

Kompetanseforum Bergen

Leiar av Bergen Næringsråd ved Ragnhild Friis-Ottessen

www.bergen-chamber.no