Klimapartner Vestland
Klimapartnere er Norges viktigaste partnarskap for grøn næringsutvikling. Klimapartnere er et partnarskap mellom private verksemder, offentlege verksemder og akademia. Klimapartnere Vestland har to avdelingar i fylket: ein i sør (Bergen) og ein i nord (Florø).
Klimapartnere Vestland
Vi i Klimapartner jobbar for å redusere eigne klimagassutslepp og vi jobbar samen for ei grøn samfunns- og næringsutvikling.
Klimapartnere Vestland har hatt ei aktiv og sentral rolle i spreiing av partnarskapsmodellen til nye regionar. Vi er skikkeleg stolte av at vi truleg vil ha systerpartnarskap i nesten heile landet i løpet av vårparten 2020.
Saman mot målet
Samhandling og dialog er suksesskriteriet for vår verdiskaping, der våre partnerar samarbeider på tvers av bransjar, sektorar og fag for å dele kunnskap og finne framtidsrette løysningar.
Samen går vi i front for å finne klimavennlege løysningar som bidrar til grøn næringsutvikling og reduksjon av klimagassutslepp. Gode og effektive møteplassar skaper vi samen for å dele kunnskap og erfaringar.
“Beste Praksis”
Klimapartnere kan vise til svært gode resultantar for utsleppsreduksjon gjennom «Beste Praksis», klimaregnskap og gjennom våre partnere sine grøne forretningsidear.
Bli med på laget!
Om di verksemd vil være med å utgjere ein forskjell, og er oppteken av handling, er dykk hjarteleg velkomen til å ta kontakt for ein prat!
Besøk oss på vår heimeside for meir informasjon!
Fylkeskommunens rolle
Fylkeskommunen har heile vegen vore hovudinitiativtakar og nøkkelstøttespelar. Klimapartnere Vestland blei oppretta i juni 2014, i tett samspel med Norsk Klimastiftelse, som har drifta nettverket sidan då.
Slik jobbar Klimapartnere
Alle våre regionar arbeider etter same metode og overordna strategi, og vi samarbeider på tvers av landet for å optimalisere verdien av partnarskapet.
Inngåing av partnaravtale forpliktar ein til å:
- Forankre klimaarbeidet i toppleiinga.
- Arbeide systematisk med miljøstyring.
- Føre årleg klimaregnskap.
- Betale årleg kontingent.
I tillegg utfordrar vi alle klimapartnere til å:
- Bli fossilfri innan 2030 (direkte klimagassutslepp).
- Forankre forståing av klimarisiko og grøne moglegheiter i verksemdas toppleiing.
- Etablere minst eit fyrtårnprosjekt for å redusere klimagassutslepp og sikre grøn næringsutvikling.
Klimapartnere vil bidra til å:
- Skape effektive møteplassar for dialog, samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av bransjar, sektorar og fag.
- Innhente og samanstille data til klimaregnskap.
- Auke kunnskap om grøn forretningsutvikling og klimarisiko.
- Være en koplingsboks for problemløysing og bidra til etablering av fyrtårnprosjekter i og mellom verksemder.