HEU Affairs
Eit nettverk som møtest månadleg for informasjonsdeling og kompetanseheving, og fungerer som møteplass for dei som jobbar med Horisont Europa.
HEU Affairs er ein open møteplass for alle som har oppgåver knytt til mobilisering og prosjektutvikling under Horisont Europa. Forumet diskuterer faglege tema knytt til programmet, prosjektutvikling, og forankring i relevante lokale og regionale prosessar. Dette er ein god plass for nettverking og kompetanseheving.
Slik blir du involvert
Alle aktørar og organisasjonar i Vestland som ønskjer å jobba i eit økosystem og utvikla prosjekt er velkomen til å ta kontakt med prosjektleiaren.
Gjennom prosjektaktivitetar vil me hjelpa aktørar med å utvikla forskings- og innovasjonsprosjekt som kan vera attraktive for EU-finansiering under Horisont Europa.
Døme på dette er energiomstilling, blå vekst, sirkulærøkonomi, klimautfordringar, miljø- og berekraft, utsleppsreduksjon, digitalisering, utanforskap, og e-helse. Me formidlar moglegheiter for samarbeid mellom Grøn region Vestland og forsking.
Organisert som nettverk
HEU Affairs er organisert som eit samarbeid, der fylkeskommunen held i trådane, men deltakarane er inviterte til aktivt foreslå tema, og levera innlegg på samlingane.
Ønskjer du å bli med i nettverket og bli invitert til samlingane? Ta kontakt med Kristoffer Hammer på kristoffer.hammer@vlfk.no.
Du kan lese meir om Horisont Europa på forskingsrådet sine nettsider.
