Temaplan breiband og digitalisering 2023-2029
Fylkestinget vedtok Temaplan for breiband og digitalisering i juni 2023.
Som ein del av regionreforma har Vestland fylkeskommune forvaltningsansvaret for offentleg støtte til breiband-utbygging løyvd over statsbudsjettet, og eit overordna koordineringsansvar for regional kompetansepolitikk i fylket. Fylkeskommunen som regional samfunnsutviklar skal ta ansvar for ei heilskapleg og ønska utvikling i eige fylke. Samfunnsutvikling handlar om summen av innsats retta mot blant annet klima og miljø, folkehelse, kompetanse, kultur, ressursforvalting, samferdsel og næringsutvikling. Sentrale oppgåver når det gjeld den regionale rolla som samfunnsutviklar er:
- å gi strategisk retning til samfunnsutviklinga, tilpassa regionale og lokale forhold
- å mobilisere privat sektor, kulturliv og lokalsamfunn
- å samordne og koordinere offentleg innsats og verkemiddelbruk
Den digitale teknologien endrar samfunnet radikalt, og digitaliseringa er gjennomgripande i kvardagsliv, utdanning og yrkesliv. Regionalutvikling og digitalisering heng saman, og digitalisering er ein føresetnad for å nå mål sett i Vestland fylkeskommune, og den regionale partnarskapen sine planar. Vestland skal ha ein digital infrastruktur som sikrar mobilitet og digitale tenester, vi skal saman utvikle eit meir inkluderande og aldersvenleg samfunn, og vi skal saman legge til rette for trygg oppvekst, utdanning og livslang læring.
I kortform betyr dette at «Temaplan for breiband og digitalisering i Vestland 2023-2029» skal sikre at arbeidet knytt til digital infrastruktur og digitalisering blir samordna, legge føringar for verkemiddel som blir forvalta i fylket og peike på moglegheiter og utfordringar når det gjeld digitalisering på kort og lang sikt.
«Temaplan for breiband og digitalisering i Vestland 2023-2029» er eit resultat av utstrekt samarbeid og brei involvering frå kommunar, næringsliv og sentrale samfunnsaktørar på regionalt nivå. Planen har vore til høyring i seks veker, og det kom inn til saman 21 høyringsinnspel frå 20 ulike avsendarar.