Statistikk og nøkkeltal
For å kunne seie noko om utviklinga i reiselivsnæringa, samt det å kunne prioritere tiltak er statistikk og nøkkeltal viktig. Med denne informasjonen vil ein gjere det betre for næringa å møte utfordringar, for eksempel kring berekraft og konkurransefortrinn.
Nøkkeltal
Visit Norway sine innsiktssider gir ei innføring i dei viktigaste tala om turismen i Noreg. Her kan ein sjå korleis reiseliv utviklar seg i eit globalt perspektiv, og kva betydning reiselivsnæringa har for norsk økonomi og sysselsetting, med meir.
NHO Reiseliv
På NHO Reiseliv sine nettsider finn ein oppdaterte tal og fakta om norsk reiseliv, til dømes tal for sysselsetting, lønsemd, verdiskaping, verdien av reiseliv i din kommune, med meir. I tillegg finn ein fleire rapportar og analysar om reiseliv.