I Magnus Lagabøtes landslov høyrer vi om Guds fire døtre eller «dei fire guddomlege systrene»: Fire dygder som ved kvar domsavseiing skulle verta høyrde for at ein dom kan seiast å vera opplyst slik at han er rettferdig. Biletet av dei fire systrene er henta frå Salme 85 i Bibelen, der det heiter at miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred skal kyssa kvarandre:
Miskunn skal passe på så ikkje vondskap eller hat kjem i domen; sanninga må verte høyrt så ikkje løgn skal få avgjere om nokon blir dømt, rettferda skal sjå til at urett ikkje gjer skade på domen, og fred skal sjå til at ikkje for harde domar blir felte i vreide. Salme 85
I jødisk tradisjon vart dei fire også kalla dei fire guddomlege døtre. Dette vart til ei forteljing om fire systre som mellom anna gav Gud råd då han dømde Adam og Eva. Dei fire systrene vart òg omtalte som Guds døtre for å visa kor nært verdiane dei representerte stod det guddommelege: godleik, sanning, miskunn og fred.
Temakveldar med biskopen
Bergen domkirke var som nemnt kyrkja til kong Magnus Lagabøte. Der heldt «tiggarmunkane» – fransiskanarane – til, og kongen var prega av verdiane deira. Denne kyrkja vil vera ramme for fleire verdisamtalar der biskop Ragnhild Jepsen møter ulike gjester.
Verdisamtalar
Biskop Ragnhild Jepsen inviterer til verdisamtalar i Bergen domkirke. Guds fire døtre, nemnt i både Landslova og Bibelen, vert tema. (Foto: Jens Z Meyer, Bjørgvin bispedøme)
Det er Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke som inviterer, med støtte frå Bergens Riksmålsforening, og første temakveld er 22. februar. Guds fire døtre: Miskunn, Rettferd, Fred, Sanning er tema, og professor Jørn Øyrehagen Sunde og professor Alf Tore Hommedal er gjester. Leiar i komiteen for landslovjubileet i Vestland, fylkesordførar Jon Askeland, opnar.
Du finn informasjon om alle temakveldane i Landslovjubileet-kalenderen.
Sjå føredrag om Guds fire døtre
Jurist og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde heldt føredrag om Guds fire døtre – Sanning, Fred, Rettferd og Miskunn – i Gulen kyrkje i september 2023.