Regional plan for kultur

Fylkestinget vedtok regional plan for kultur 15. mars 2023. Dette skal vere den langsiktige planen for utviklinga av kulturfeltet i Vestland og kjem til å gjelde til 2035. Planen skal syne korleis feltet kan bidra i samfunnsutviklinga.

Plantema er område som vi skal arbeide med dei neste 12 åra. Det er difor viktig at dei er overordna, samtidig som dei er relevante for alle aktørane i heile planperioden. Dei skal gir rom for konkret handling og utforming av dei felles satsingane dei neste åra. Måla i utviklingsplanen styrer også prioriteringane i arbeidet vidare. 

Fylkesutvalet har i planprogrammet (pdf) for planen vedteke desse fire sentrale plantema:

  • Vestland – ein leiande region for kultur, idrett og friluftsliv
  • Berekraft
  • Demokrati, deltaking og mangfald
  • Verdiskaping

Det breie kulturfeltet er vidt og mangfaldig. Når vi i planen snakkar om kulturfeltet inkluderer det alle sektorane, både frivillig og profesjonelt kunst- og kulturliv, frivilligheita, friluftsorganisasjonar, idretten og andre aktørar i feltet. Ingen vert ekskluderte i det store fellesskapet, sjølv om nemninga kan vere framand for enkelte sektorar.

Det er utfordrande å omhandle og omtale feltet under eitt. Målet med den regionale planen er likevel å finne fellesnemnarar og felles satsingar som heile feltet kan einast om og trekke saman fram mot felles mål, sjølv om alle sektorar arbeider etter eigne føresetnader. 

Regional plan

Regional plan skal i utgangspunktet dekke eit stort og variert fagfelt som dreier seg om så vidt forskjellige sektorar som idrett og friluftsliv, kulturminne og kulturarv og den kulturelle grunnmuren i kommunane, der opne møteplassar som bibliotek og kulturhus er viktige.

Vidare dreier det seg om anlegg for fysisk aktivitet og for kunst og kultur – og om institusjonar, museum, arkiv og kulturhistorie og kunnskap om og tilhøyrsle til stadar.

Formidling og oppleving av kunst og kultur, profesjonell kunst samt kulturell og kreativ næring. Frivillig arbeid og engasjement, inkludering og integrering, demokrati og fellesskap.

Opplevingsøkonomien er sterk, med t.d. reiseliv, filmnæring og turisme basert på kulturell eigenart.