Nynorskfylket Vestland
21 frivillige, ideelle, offentlege og private aktørar med regional funksjon i Vestland står bak nettverket Nynorskfylket Vestland.
Vestland fylkeskommune er sekretariat for Nynorskfylket Vestland, og fylkestinget i Vestland vel leiar og nestleiar for nettverket.
Mandatet til nettverket vart vedteke i fylkesutvalet i Vestland 26. november 2020:
Nynorskfylket Vestland er eit nettverk som jobbar for auka bruk og fremjing av nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke. Nettverket er arena for deling, fagleg utvikling og språkpolitiske diskusjonar. Vi vil fremje nynorsk språkidentitet og klarspråk. Vi vil løfte nynorsk som daglegspråk, i digitaliseringa, i kunsten, i opplæring, arbeids- og næringsliv. Nettverket kan gje råd til folkevalde organ i nynorsksaker.
Alexander Fosse Andersen er leiar for Nynorskfylket Vestland.
Desse er med i nettverket:
- Vestland fylkeskommune
- Statsforvaltaren i Vestland
- Universitetet i Bergen
- Høgskulen på Vestlandet
- Utdanningsforbundet Vestland
- KS Vest-Norge
- Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Sogn og Fjordane Mållag
- Hordaland Mållag
- LNK – Landssamanslutninga av nynorskkommunar
- Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie
- Olav H. Hauge-senteret/Nynorsk kultursentrum
- Jakob Sande – senter for forteljekunst
- Sparebanken Sogn og Fjordane
- Det Vestnorske Teateret
- Teater Vestland
- Bergen Internasjonale litteraturfestival
- Nynorsk avissenter
- Nynorsk mediesenter
- Litteraturbåten Epos
- Nynorsk bedriftsforum