Kunst i offentlege rom
Vestland fylkeskommune satsar på kunstprosjekt i fylkeskommunale bygg og i opne rom. Slik vil vi gi mange høve til å oppleve kunst der dei ferdast i kvardagen.
Fylkeskommunen set av midlar til kunstnarlege føremål ved nye bygg og større ombyggingar. På denne måten har dei fleste nyare vidaregåande skulane store kunstverk og kunstprosjekt. Som utbyggar av Bybanen i Bergen har fylkeskommunen ansvar for bybanekunstprosjektet, som gjer at mange får oppleve kunst i kvardagen.
Kunst som tar plass i dei felles uteromma våre er vårt felleseige. Det er difor viktig å nytte kunstfagleg kompetanse, og legge til rette for medverknad frå publikum når vi jobbar med kunst i offentlege rom.
Arbeidet med kunst i offentlege rom er ei demokratisk form for kunstformidling som opnar for møte med kunsten i dagleglivet til mange fleire enn dei som aktivt oppsøker kunst, og det gjev arbeid til enkeltkunstnarar. Kunsten kan styrke dei fysiske og visuelle kvalitetane ved by- og tettstadutvikling og gje menneska der rikare liv og nye perspektiv.
Kunst på dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen
Det er mykje flott kunst på dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen. Her vil vi presentere kunsten med informasjon og bilde – fleire skular kjem.
Kommunar og kunst i det offentlege rom
Fleire kommunar har planar eller strategiar for kunst i offentlege rom. Kommunane kan satse på kunst i offentlege rom ved å
- utarbeide ein strategi for arbeidet med kunst i offentlege rom
- ved vedtak setje av ein fast prosentsum (0,5–2 prosent) av kommunen sitt investeringsbudsjett til kunst i offentlege rom (eller i arealplanbudsjett, ved nybygg eller rehabilitering av bygg)
- utarbeide og vedta tydelege retningslinjer for arbeidet med kunst i offentlege rom
- etablere formelle samarbeid mellom dei aktuelle etatane i kommunen
- sikre profesjonell kunstfagleg kompetanse i arbeidet med kunst i offentlege rom
Hordaland kunstsenter kan hjelpe kommunane i dette arbeidet:
Hordaland Kunstsenter, Petra Rahm, konsulent for kunst i offentlege rom, e-post: petra@kunstsenter.no, tlf. 986 99 454