Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne
Målet med tilskotsordninga er å ta vare på vesentlege delar av den tekniske og industrielle historia i Vestland og å auke kunnskapen om denne delen av historia vår.
Formålet med tilskotsordninga er å sette i stand og halde ved like tekniske og industrielle kulturminne for å gje kunnskap, oppleving, bruk og verdiskaping.
Tekniske og industrielle kulturminne er spor etter industriell kultur som har historisk, teknologisk, sosial, arkitektonisk eller vitskapleg verdi. Tekniske og industrielle kulturminne er mellom anna samferdsle og industrielle anlegg med bygningar og produksjonsliner med maskineri, transport og øvrig infrastruktur samt den sosiale delen av industrihistoria med bustader, religiøse byggverk, skular og rekreasjon- og grøntanlegg.
Kva kan du få tilskot til?
- sikring
- istandsetting
- vedlikehald
- kulturminne- og tilstandsregistrering
- dokumentasjon
- mulighetsstudie
- løn til stillingar som er direkte knytte til forvaltning, drift og vedlikehald.
Tilskotsmottakar kan bruke 10–15 prosent av tilskotet til prosjektleiing og prosjektoppfølging for tiltaket som får tilskot.
For å få tilskot må det tekniske og industrielle anlegget oppfylle eitt eller fleire av desse kriteria:
- tekniske og industrielle kulturminne med bevart produksjonsline, maskineri eller teknisk infrastruktur
- tekniske og industrielle kulturminne som er forankra i nasjonale strategiske satsingar
- tekniske og industrielle kulturminne med grunnlag for forsking, formidling og tilgjengeleggjering
- tekniske og industrielle kulturminne med lokalt, regionalt engasjement eller medfinansiering
- ivaretaking av kompetanse som er naudsynt for å ivareta tekniske og industrielle kulturminne
- anlegg som er freda etter kulturminnelova eller verna etter plan- og bygningslova
- dei 15 prioriterte anlegga som har inngått i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne
Anlegga som har inngått i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne skal prioriterast ved fordeling av tilskot.
Kven kan søkje?
Private, kommunale og fylkeskommunale eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne.
Korleis søkjer du?
Du søkjer gjennom søknadssystemet Digisak.
Søknadsfrist
1. november