Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

Dette er ei tilskotsordning for private eigarar og forvaltarar av freda kulturminne og kulturmiljø frå etter 1537.

Formålet med tilskotsordninga

Formålet med tilskotsordninga er å bevare freda kulturminne og kulturmiljø i privat eige, og å bidra til at dei vert sette i stand etter antikvariske retningslinjer. Tilskotsordninga skal sikre kulturminna og kulturmiljøa sin kjeldeverdi, ivareta føresetnadene for å gje opplevingar, og leggje til rette for berekraftig verdiskaping og bruk. 

Kva kan vi gi tilskot til?

Vi gir tilskot til istandsettings- og vedlikehaldstiltak av kulturminne og kulturmiljø som er freda, midlertidig freda eller der fredingssak er under handsaming. Tilskot skal dekkje meirkostnader, heilt eller delvis, som følgjer av krav til antikvarisk utføring ved sikring, istandsetting, vedlikehald og skjøtsel. 

Tilskotsmottakaren kan bruke 10–15 prosent av tilskotet til prosjektleiing eller prosjektoppfølging forbunde med tiltak det vert gjeve tilskot til. 

Tilskot kan også bidra til å dekkje meirkostnader som følgjer av tiltak for å utbetre eller førebyggje skader knytt til auka klimabelastning, jf. Riksantikvarens klimastrategi for kulturmiljøforvaltninga. 

Prioriteringar

Ved fordelinga av tilskot skal private eigarar og forvaltarar av kulturminne og kulturmiljø som er freda, midlertidig freda eller der fredingssak er under handsaming, prioriterast. Elles prioriterer vi

  • særleg tyngande vedlikehalds- og istandsettingsoppgåver for eigar 
  • bygningar og anlegg der særleg store kulturmiljøverdiar står i fare for å gå tapt 

Krav til eigendel

Tilskotet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av totalkostnaden i det enkelte prosjektet. Unntak frå dette må vurderast i lys av verdien til kulturmiljøet, nytten av kulturmiljøet og om det ligg føre eit særleg stort vedlikehaldsansvar i forhold til nytten. 

Krav til handverkarane

Prosjekterande og utførande føretak skal opplyse om formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern eller kunne dokumentere tilsvarande realkompetanse. Generelt skal det stillast krav til at handverkarane har delteke i minst tre prosjekt tidlegare med tilsvarande arbeidsoppgåver. 

Korleis søkjer du?

Du søkjer gjennom søknadssystemet Digisak.

Søknadsfrist

1. november