Tilskot til forvaltning og drift av verna fartøy - SAVOS
Fartøyvern er eit fagområde der frivillige, lag og organisasjonar tar på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar. Tilskotsordninga for forvaltning og drift er eit bidrag frå det offentlege til dette arbeidet.
Fartøy utgjer ein viktig del av den norske kulturarven, og Vestland er fylket med flest freda og verneverdige fartøy i landet. Målet med tilskotsordninga er å medverke til at verna og freda fartøy vert aktivt forvalta og drifta – og blir nytta som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling. Tilskotsordninga skal bidra til at fartøya vert tekne vare på, stimulere frivillige sin kompetanse og innsats i verdiskaping lokalt og regionalt.
Kven kan søkje?
Målgruppa for ordninga er dei som eig og forvaltar større, flytande kulturminne i Vestland:
- Kommunar, foreiningar, stiftingar, andre samanslutningar og private kan søkje.
- Aksjeselskap som får driftsstønad må vere ideelle, det vil seie at eigarane ikkje kan ta utbyte frå selskapet.
Kommunar som sjølv gjev tilskot til verna eller freda fartøy, og ynskjer å delta i SAVOS-ordninga, kan sende eigne søknader til fylkeskommunen, med søknadsfrist 1. november.
Kva fartøy kan få støtte?
Fartøyet må
- ha status som verna fartøy eller som er freda av Riksantikvaren
- ha heimeadresse i Vestland. Vi kan etter nærare vurdering vike frå dette kravet dersom fartøyet har størsteparten av seglingstida si i fylket.
Vi gir ikkje støtte til fartøy som staten eller fylkeskommunen eig.
Definisjonar
Freda fartøy
Med freda fartøy meiner vi fartøy som er freda etter kulturminnelova § 14a.
Verna fartøy
Med verna fartøy meiner vi fartøy som er tildelt status som verna etter søknad og særskilt avtale med Riksantikvaren.
Kva tiltak kan få støtte?
Vi kan gje tilskot til
- dekking av naudsynte driftskostnader til fartøyet som kulturminne. Det kan vere til dømes utgifter i samband med periodisk ettersyn, service av maskineri og teknisk utstyr, brannsikring av kulturminnet.
- sikring av naudsynt forbruksmateriell og reservedelar til fartøyet. Det kan vere til dømes propelldelar, motordelar og anna utstyr som er vanskeleg å få tak i, eller som er gått ut av produksjon.
- utgifter til planlegging og kompetanseheving, som utarbeiding av FDV-planar og kursavgift for frivillige
- sikring av kompetanseoverføring ved dokumentasjon, bevaring og formidling av immateriell kulturarv knytt til handlingsboren kunnskap om drifta av fartøyet
- utgifter knytt til tiltak retta mot reduksjon av klimagassutslepp (t.d. redusert fart, endra operasjonsområde, betre avfallshandtering, bruk av berekraftige material og produkt, landstraum)
- tiltak knytt til auka sosial berekraft og folkehelse, som til dømes arbeid med rekruttering, auka mangfald og tilgang for ulike brukargrupper
Vi gir ikkje tilskot til
- tilrettelegging av den kommersielle drifta av fartøyet, så som kantineutstyr, suvenirsal, billettsal, arrangement eller annonsering/reklame m.m.
Minst halvparten av omsøkt tilskotssum må vere i tråd med dei statlege krava sette i forskrift om tilskudd til fartøyvern. Dette inneber at tilskot ikkje kan gjevast til
- kostnader knytt til dugnadsinnsats
- reise og opphald
- sertifiseringsutgifter som ikkje kan definerast som antikvariske tiltak
- administrative utgifter hos eigar
- museumsdrift eller -verksemd
Vi gir heller ikkje faste årlege tilskot.
Krav til søknaden
Søknaden må gjere greie for
- søkjaren sitt namn, adresse, organisasjonsnummer, kontonummer, e-postadresse, telefonnummer og kontaktperson
- informasjon om kulturminnet og fartøyet sin vernestatus
- kva aktivitet som er planlagt gjennomført og punktvis søknad om tilskot til konkrete utgifter knytt til forvaltning eller drift
- plan for gjennomføringa av tiltaket eller aktiviteten med verkemiddel, samarbeidspartnarar og framdriftsplan.
- kostnadsoverslag og budsjett
- om og kor mykje støtte som er mottatt frå offentleg instans dei siste to åra, og eventuelle søknader til eller tilskot frå offentleg instans inneverande år
- om søkjaren har eller ventar å få refusjon for meirverdiavgift for omsøkte tiltak.
Rett til å innhente ytterlegare opplysningar / Søkjarens opplysningsplikt
Dersom søknaden er mangelfull, kan fylkeskommunen gje høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist.
Fylkeskommunen kan som søknadsmottakar
- krevje at søkjaren gir andre opplysningar som er nødvendige for å vurdere søknaden
- kontrollere søknadsopplysningane mot opplysningar som andre styresmakter kan utlevere
- gjere synfaring som er nødvendig for å vurdere søknaden og krevje at søkjaren medverkar når det er nødvendig.
Vurdering av søknad
Fylkeskommunen avgjer om det skal gjevast tilskot og fastset kor stort tilskotet skal vere, etter ei skjønnsmessig vurdering av fartøyet sin kulturminneverdi og tilskotet sin verknad for dette, for eit år av gongen. Tilskotet skal fordelast etter fylgjande moment (i uprioritert rekkefølgje):
- storleik på fartøy (bruttoregistertonn) og omfang av drift (tilgang for ålmenta, dagar med open båt og tal på passasjerar/medseglarar)
- kvalitet på drift og forvaltning
- i kva grad ei tildeling vil løyse særlege utfordringar
- søkjar sin kapasitet, praktiske og økonomiske gjennomføringsplan, anna finansiering og eigeninnsats
- verknad av løyvinga med omsyn til auka aktivitet, seglingstid eller regionalt verkeområde
- i kva grad drifta kjem ålmenta til gode, styrkar rekrutteringa, aukar mangfald og tilgang for ulike brukargrupper
- i kva grad tilskotet vil bidra til å redusere klimaavtrykket
Oppfølging og rapportering
Søkjar skal rapportere innan utgangen av tildelingsåret og må levere endeleg rapport innan 1. november det påfølgande året. Rapporten skal innehalde
- Dokumentasjon som klart viser korleis drift og forvaltning er gjennomført, og om måla er nådd
- utgreiing av eventuelle avvik frå budsjett/planen for arbeidet
- rekneskap med oversikt over kostnader og samla finansiering, spesifisert på
- stat, fylkeskommune, kommune
- tilskot frå andre offentlege organ (t.d. Kulturrådet, Kulturminnefondet)
- anna finansiering (spesifisert)
- eigeninnsats/eigen finansiering
Søkjar skal varsle fylkeskommunen dersom det er ønskjeleg å gjere vesentlege avvik frå søknaden.
Dersom tilskotsmottakar er knytt til revisor og tilskotet er 300 000 kr eller høgare, skal tilskotsmottakar òg sende inn revidert årsrekneskap, signert av tilskotsmottakar, ev. ved styret. Det er også krav om særattestasjon frå revisor på rekneskapen og ev. timelister knytt til arbeidet/tiltaket/prosjektet.
Fylkeskommunen kan uavhengig av beløp på tilskotet krevje at tilskotsmottakar sender inn kopiar av fakturabilag til rekneskapen.
Fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket, og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at utbetalingar vert haldne attende og at vedtaket om tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.
Misleghald
Overskytande midlar skal førast tilbake til fylkeskommunen om kostnadene vert rimelegare enn budsjettert i søknad, eller om drifta ikkje vart gjennomført etter føresetnadane.
Dersom mottakar gir uriktige opplysningar, eller det ligg føre vesentlege avvik frå søknaden, kan vedtaket om tildeling gjerast heilt eller delvis om. Fylkeskommunen kan i så tilfelle krevje at midlane vert førte heilt eller delvis tilbake.
Klage
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar har fått melding om vedtaket. Klagen skal sendast til Vestland fylkeskommune. Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga på, årsaka til klagen, og kva endringar ein meiner bør gjerast.
Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltningslova har rett til å gjere seg kjende med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19