Museum i Vestland
Vestland er eit stort museumsfylke med ti konsoliderte museum. Gjennom ein aktiv museumspolitikk arbeider Vestland fylkeskommune for å gi gode rammevilkår for musea og deira arbeid med historia og kulturarven.
Regional museumspolitikk
Eit hovudmål i den regionale museumspolitikken er at musea skal utviklast som sterke kunnskapsenter og organisasjonar. Dei skal vere profilerte samfunnsaktørar, som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid.
Ifølgje den internasjonale museumsorganisasjonen ICOMS er eit museum definert slik:
Eit museum er ein ikkje-kommersiell permanent institusjon i samfunnet si teneste, som forskar på, samlar, konserverer, fortolkar og formidlar materiell og immateriell kulturarv. Musea er opne for publikum, tilgjengelege og inkluderande, og fremjar mangfald og berekraft. Dei opererer og kommuniserer etisk og profesjonelt, legg til rette for brei deltaking frå samfunnet og tilbyr varierte opplevingar for utdanning, underhaldning, refleksjon og deling av kunnskap.
Dei konsoliderte musea
Vestland har ti konsoliderte museum:
- nettsida til Baroniet Rosendal
- nettsida til Bymuseet i Bergen
- nettsida til Hardanger og Voss museum
- nettsida til KODE - Kunstmuseene i Bergen
- nettsida til Musea i Sogn og Fjordane
- nettsida til Museum Vest
- nettsida til Museumssenteret i Hordaland
- nettsida til Kraftmuseet
- nettsida til Haugesenteret (del av Nynorsk Kultursentrum)
- nettsida til Sunnhordland museum
Dei konsoliderte musea i Vestland får offentlege driftsmidlar via fylke, stat og kommunar.
Den statlege tilskotsordninga har årlege rapporteringskrav på økonomisk utvikling, i tillegg til vurdering av måloppnåing på spesifikke tema som solid kunnskapsproduksjon, heilskapleg samlingsutvikling, trygg ivaretaking og aktiv samhandling
Fylkeskommunen gir rettleiing til dei konsoliderte musea knytt til søknadar, søknadsfristar, oppfølging av museumssatsingar og anna rådgjeving.
Bygningsvernkonsulentane
Bygningsvernkonsulentane er ei viktig satsing for fylkeskommunen i samarbeidet med frivillige og kommunar. Hovudmålet er å sikre større lokal tilknyting og nærleik til saker i lokalsamfunna gjennom rådgjeving i kulturminnevern og museumsfaglege spørsmål.
Konsulentane er tilsette ved musea og yter fagleg hjelp i sine respektive regionar både innafor musea, til fylkeskommunen, kommunane, eigarar av kulturminne, ålmenta, skular, frivillig sektor og næringsdrivande.
Felles tenester for samlingsforvaltning
Bevaringstenestene er ei avdeling i Museumssenteret i Hordaland, og ei fellesteneste innan bevaring og konservering av gjenstandar for dei konsoliderte musea i Vestland. Dei har ansvar for eit fellesmagasin for musea i gamle Hordaland, og det vert arbeidd for realisering av eit nytt fellesmagasin og samlingssentrum for alle musea i Vestland. Bevaringstenestene utfører også konserveringstenester for private og offentlege institusjonar på oppdrag.
I tidlegare Sogn og Fjordane er eit eldre bygg ombygd til magasin for Musea i Sogn og Fjordane. Del 1 av prosjektet er fullført, og museet har starta innflytting. Fellesmagasinet skal også innehalde ein publikumsdel med visningsmagasin, denne er planlagt i del 2 av prosjektet.