Tilskot til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka (2025)
Tilskotsordninga skal stimulere biblioteka til å gjennomføre kompetanseheving, prosjekt og tiltak som gjev eit betre tilbod til brukarane av bibliotektenesta. Terskelen for å søke midlar og gjennomføre tiltaka skal vere låg, og ordninga gjev rom for å støtte mindre prosjekt.
Bakgrunn
Vestland fylkeskommune ønskjer å styrke biblioteka i Vestland, jf. "Kultur bygger samfunn" - regional plan for kultur 2023-2035, og lyser ut tilskot til prosjekt- og kompetanseheving i biblioteka.
Ordninga skal bidra til at folkebiblioteka får utvikle og prøve ut nye tiltak i rolla som aktiv formidlar, møteplass og arena for offentleg samtale og debatt, i tråd med føringane i regional kulturplan og lov om folkebibliotek.
Utvikling i det enkelte folkebibliotek, fornying av tilbod og tenester og personale med oppdatert kompetanse skal gje innbyggjarane tilgang til kunnskap, litteratur og kulturopplevingar, og høve til å delta i skapande aktivitetar og sosiale og lærande fellesskap.
Kven kan søkje
Ordninga gjeld kommunar i Vestland fylke for tiltak i regi av folkebiblioteket.
Stønadsbeløp
Tiltak vert støtta med inntil 50 000 kroner. Dersom fleire kommunar samarbeider, kan ein søkje om inntil 100 000 kroner. Det er ikkje krav om kommunal eigendel.
Kva vert støtta
Det blir gjeve støtte til prosjekt og tiltak som fører til utvida tilbod og betre bibliotektenester for publikum, og som er nyskapande eller nytt i det aktuelle biblioteket.
Vi prioriterer desse satsingsområda:
- debatt og samtale i biblioteket
- aktiv formidling på ulike plattformer og arenaer
- tilrettelegging for folkeverkstad eller anna skapande verksemd i biblioteket
- lesestimulering og fremjing av nynorsk språk og litteratur
- auka digital kompetanse i befolkninga
- berekraft
- inkludering og folkehelse
- studiepoenggivande etter- og vidareutdanning.
Søknaden kan omfatte støtte til personalkostnadar for gjennomføring av prosjektet. Det kan òg søkast om dekking av kostnadar til deltakaravgift og reise til nasjonale kurs og konferansar som gir kompetanse til gjennomføring av prosjektet. Innkjøp av utstyr vil berre bli støtta i den grad det er vesentleg for gjennomføring av tiltaket.
Kva vert ikkje støtta
- Tiltak som bør vere del av vanleg drift.
- Tiltak som er igangsett før tildeling.
- Bibliotekfagleg grunnutdanning, som er eit kommunalt ansvar.
Tildeling av tilskot
Vestland fylkeskommune vurderer søknadane og fattar vedtak om tildeling av midlar etter ei heilskapleg, skjønsmessig vurdering av korleis tiltaket oppfyller målet med ordninga og krav for tildeling.
Krav:
- Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet, med budsjett og plan for gjennomføring.
- Det skal kome tydeleg fram kvifor ein vil gjennomføre tiltaket og kva mål ein vil oppnå.
- Det skal kome tydeleg fram kva satsingsområde søknaden fell inn under.
Vurdering:
I vurderinga legg vi vekt på:
- Om tiltaket fører til eit utvida tilbod og betre tenester for publikum.
- Om tiltaket er nyskaping eller nytt i det aktuelle biblioteket.
- Samarbeid med andre bibliotek eller institusjonar og frivillige lag og organisasjonar.
- Fordelinga mellom biblioteka.
- Om det er søkt støtte frå andre instansar.
Tiltak som ikkje vert prioriterte ved tildelinga, kan søkje på nytt ved ny utlysing.
Søknadsfrist
Mars 2025.
Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.
Sakshandsaming og vedtak
Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.
Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Innstilling vert grunngjeve i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.
Oppfølging og rapportering
Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Tilskotet vert fullt utbetalt etter at det er gjennomført, og på bakgrunn av innsendt og godkjent rapport og rekneskap. Krav til rapportering vert sendt i tildelingsbrevet. Tilsegnsmottakar skal rapportere på digitalt rapportskjema og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.
Tilsegn om tilskot gjeld i inntil eitt år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom
- tiltaket ikkje er igangsett innan eit år etter svar er sendt ut
- søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet innan to år etter svar er sendt ut