Digitale aviser og tidsskrift
Biblioteka kan tilby tilgang til ei rekkje digitale aviser og tidsskrift.
Pressreader
Dei fleste folkebiblioteka i Vestland tilbyr avistenesta Pressreader til bibliotekbrukarane. Pressreader er ei digital teneste som gir tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift frå heile verda.
Korleis brukar eg tenesta?
For å få tilgang til Pressreader på mobil og nettbrett, må du laste ned appen Pressreader og kople deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i 72 timar – du må altså innom biblioteket for å få oppdatert tilgangen.
På pc går du inn på Pressreader.com medan du er på nettverket på biblioteket.
Mange bibliotek tillét også pålogging heimefrå via biblioteksystemet sitt (web-søket).
Meir om digitale aviser og tidsskrift via Pressreader
Med fullteksttilgang til over 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda er Pressreader eit svært godt tilbod til utanlandske bibliotekbrukarar, som arbeidsinnvandrarar og flyktningar - eller andre som er interesserte i å lese internasjonalt stoff.
I tillegg inneheld tenesta ei rekkje norske aviser, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende. Norske bibliotekbrukarar kan dermed få tilgang til dei store riks- og regionavisene som biblioteka gjerne elles ikkje har råd til å abonnere på.
"Quick start guide" på nettsida til Pressreader (engelsk).
Nasjonalbiblioteket si avisteneste
Du kan også lese landsdekkande og lokale aviser frå 1760 og fram til i dag, digitaliserte av Nasjonalbiblioteket.
Ein del av avisene er berre tilgjengelege i biblioteka - sjå oversikt kva aviser dette gjeld, og korleis biblioteket kan gi tilgang.