Fjernlån

Det overordna målet med lånesamarbeidet mellom biblioteka i Noreg er å fremje lesing og læring i samfunnet, og å styrke biblioteka si rolle som kunnskaps- og kulturknutepunkt.

Kvifor fjernlån?

Fjernlån mellom biblioteka er ei viktig ordning som gjer at biblioteka kan låne inn spesialisert materiale dei ikkje har tilgjengeleg i eigne samlingar frå andre bibliotek. Dermed kan lånarane få tilgang til eit breitt utval informasjon og dokument, uavhengig av kommunestorleik og geografisk plassering. Det er også eit mål at lånesamarbeidet skal gi best mogleg utnytting av felles bibliotekressursar.

Avgrensingar

Fjernlån skal vere eit supplement til eigne samlingar, og ikkje ei erstatning for manglande ressursar lokalt. Biblioteka bør alltid vurdere innkjøp av materiale som framleis er i sal før ein lånar det inn frå andre bibliotek.

Karenstid og grense for samtidige lån

Mange bibliotek har sett karenstid på nye bøker, slik at dei ikkje vert lånt ut til andre bibliotek før dei er til dømes 6 månader eller eit år. På denne måten sikrar de at dei nye bøkene de kjøper inn er tilgjenelege for lånarane lokalt medan dei er som mest aktuelle. Setting av karenstid gjer de lokalt i biblioteksystemet for det enkelte biblioteket. 

Felles fjernlånsreglar

I 2023 kom det nye nasjonale retningslinjer for fjernlån. Biblioteka i Vestland har blitt einige om ei felles tenesteerklæring for fjernlån for å sikre at alle biblioteka handhevar reglane på same måte. Tenesteerklæringa seier tydeleg kva lånarane kan forvente av tenesta og kva for reglar som gjeld.

Erklæringa ligg i både nynorsk- og bokmålversjon i det felles Teamet for bibliotektilsette i Vestland, i tillegg til på denne sida:

Felles tenesteerklæring for fjernlån i Vestland

Kva er fjernlån?

  • Fjernlån er lån mellom bibliotek. Dersom du ikkje finn det du leitar etter på biblioteket, kan det bestillast frå andre bibliotek.
  • Fjernlån er gratis for lånaren.
  • Du kan bestille fjernlån sjølv på bibsok.no, eller du kan be biblioteket om å bestille for deg.

Kven kan få fjernlån?

Kva kan du bestille?

  • Nesten alt som finst i norske bibliotek kan lånast inn, med unntak av nokre digitale ressursar som berre er tilgjengelege for studentar via universitet og høgskular.
  • Nye, populære bøker og bøker som finst i biblioteket si eiga samling kan du vanlegvis ikkje låne inn frå andre bibliotek. Du vil bli sett på venteliste i ditt eige bibliotek.
  • Biblioteket kan bestille inn fleire eksemplar av same tittel til lesesirklar. Ver ute i god tid, og ikkje sikt på nye, populære bøker.

Pensumlitteratur

Universitet og høgskular forventar at studentane kjøper inn sentralt pensum sjølve, og du kan ikkje vente at biblioteket låner inn materiale frå pensumlister til deg.

Av og til treng du berre eit kapittel eller to, eller du treng støttelitteratur som supplement eller fordjuping. Til slike føremål har nokre studiestader eksemplar til utlån. Dette kan du låne inn via bibsok.no, og velje ditt lokale folkebibliotek som hentestad. Ver merksam på at du vert ståande på den same ventelista som dei studentane som reserverer materialet i campusbiblioteka sine samlingar.

Vi oppmodar deg om å gjere deg kjent med om noko av materialet er tilgjengeleg digitalt gjennom open access eller gjennom studentpålogging, slik at vi ikkje sender materiale fysisk dersom det ikkje er naudsynt. Det er raskare for deg, og betre bruk av ressursane for biblioteka.

Elevar, lærarar og privatistar ved vidaregåande skular kan kontakte skulen sitt bibliotek om pensumlitteratur eller bestille sjølv dersom materialet er tilgjengeleg for fjernlån i bibsok.no.

Kor lenge kan du halde på fjernlånt materiale?

Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og andre vilkår for fjernlånt materiale.