Stadnamn
Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling av stadnamn i Vestland. Stadnamna er ei spanande kjelde til historia vår, og kan gje opplysningar både om naturtilhøve og om tidlegare tiders daglegliv og fest. Namna er også viktige referansepunkt i terrenget.
Kva har vi?
Den størte delen av stadnamnsamlingane våre er innsamlinga av stadnamn som vart gjort i samarbeid med kommunane i Sogn og Fjordane i 1985–1986. Fleire kommunar har også seinare arbeidd med å supplere innsamlinga si, og slik samla inn fleire namn i nyare tid. Namna er lesne inn med lokal uttale og er plasserte i kart.
Vi har papirkopiar av «Skulebarninnsamlinga» som Gustav Indrebø arrangerte på 1930-talet. Kopiane inneheld det som blei innlevert frå barneskular i Sogn og Fjordane. Her finn du berre namnelister, ikkje kartfesting.
Vi har og fleire, mindre innsamlingar frå ulike delar av fylket.
Bruk og tilgjenge
I webarkivet kan du søke i alle publiserte stadnamn: stadnamn.fylkesarkivet.no. Gjennom tenesta Fylkesatlas kan du leite etter stadnamn i kartet
Det er mogleg å bestille kopi av lister og kart for eit avgrensa område og få desse tilsendt.