Arkivdagen 2024

Arkivdagen 2024 vart arrangert 9. juni. Tema var sjukdom, smerte, liding og død. Me arbeidar vidare med tema og publiserar gjennom hausten.

Over heile verda sameiner fagfolk i arkivmiljøet sine stemmer 9. juni for å få deg til å forstå kvifor det er viktig å støtta arkiv og profesjonen.

Det vart vedteke på ICAs årsmøte i 2007 at 9. juni skulle feirast som den internasjonale arkivdagen. Datoen, 9. juni vart valt for å minnast datoen ICA (International Council on Archives) vart oppretta i regi av UNESCO i 1948.

Måla for den internasjonale arkivdagen og den internasjonale arkivveka er å:

  • auka offentleg forståing for viktigheita av arkiv
  • auka medvitet blant avgjerdstakarar om fordelane med arkivstyring og utvikling
  • forbetre privat og offentleg sektors forståing av nødvendigheita av langsiktig arkivbevaring og tilgang
  • vise fram dei unike, ekstraordinære og sjeldne dokumenta som er bevarte i arkivinstitusjonar
  • framme synligheten av arkiv globalt
Gravferd Nordfjord tidlig 1900-tal. Stor folkemengde.
Bilete frå ei gravferd, Holmøyane i Hornindal. Mange personar ved gravplassen. Foto: Isak Isaksen Hellebust, SFFf-1990060.119705.